– Partia heng etter i språkpolitikken

– Dei fleste partia heng etter i språkpolitikken, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Partia heng etter

– Dei er til dels dårleg oppdaterte om gjeldande språkfagleg tenking, men bruker meir plass på språkpolitikk i partiprogramma sine enn dei gjorde før. Det mest uventa i 2013 er Miljøpartiet Dei Grøne. For første gong har dette partiet vedteke eit meir heildekkjande politisk program, og språkkapitlet deira er eit av dei beste i bunken.

Slik oppsummerer direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum språkpolitikken i partiprogramma ved inngangen til valkampen. Måndag publiserte Nynorsk kultursentrum det omfattande skriftet «På parti med språket?» på aasentunet.no. Der står alt partia har vedteke om språkpolitikk sidan 1906, med kommentarar og analyse.

LES OGSÅ: «Den pubertale trusselen mot nynorsk»

Ros til Dei Grøne
Med jamne mellomrom det siste tiåret har Grepstad samla og studert det partia meiner om språkpolitikk. Det er tredje gongen Nynorsk kultursentrum gir ut denne dokumentasjonen. Etter utgåver i 2004 og 2009 dekkjer publikasjonen i 2013 ni parti.

– Vi oppdaga at Miljøpartiet Dei Grøne har utvikla eit meir heildekkjande program, og partiet har no eit av dei beste språkpolitiske kapitla, seier Grepstad. Han meiner dette partiet er mest oppdatert på nyare språkfagleg tenking.

Praksis er meir enn program
Det er Senterpartiet og Høgre som seier minst om språkpolitikk i 2013-programma sine, og dei seier stort sett det stikk motsette av kvarandre. Grepstad peikar på at språkpolitikk er meir enn formuleringar i valprogram, og at partia også må vurderast ut frå det dei gjer.

– Merkeleg nok seier Arbeiderpartiet mindre enn på lenge i programmet sitt om den norske delen av språkpolitikken, men med kulturministeren dei siste åtte åra har dette partiet stått for svært mykje av denne politikken i praksis.

LES OGSÅ: – Høgre er ein språkpolitisk dinosaur

Ulik språkpolitikk overfor ulike grupper
Dokumentasjonen syner at mange parti seier mindre enn før om politikk for norsk språk. Derimot bruker partia meir plass i valprogramma sine på urfolk, nasjonale minoritetar og nye innvandrarspråk enn dei gjorde for nokre tiår sidan.

– Overfor urfolk og nasjonale minoritetar legg partia vekt på at desse må få utvikle sine språktradisjonar parallelt med kompetansen i norsk. Overfor nye innvandrarar er det derimot integrering som gjeld, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Kva parti meiner du har den beste språkpolitikken?