Avtroppande Europa-korrespondent Hege Moe Eriksen har Erik Bye som journalistisk førebilete og skulle ynskje ho kunne synge. Ho er vekas grepa dame.

Faktaboks

 

Hege Moe Eriksen
• Europakorrespondent for NRK i Brussel frå 2010 til i sumar.
• Gjekk vidareågande i Frankrike, og har studert i Spania, på Vestbreidda og i Noreg.
• Kan spansk, franks og arabisk, i tilegg til norsk
• Heidra med SKUP-diplom i 2009 for Krigsforbrytar-saka.

Kjelder: Journalisten.no, VG

Les også intervju med Sara Johnsen og Amal Aden!

LES FAKTALUKK FAKTA

 

– Kor er eg eigentleg i dag, lurar eg på? Akkurat no sit eg midt i eit flyttelass og er nett komen heim til Nesodden, etter tre år som Europa-korrespondent med base i Brussel. Det er ein følelse av å ha vorte rista ein omgang i ein sentrifuge. Jobben som korrespondent er hektisk, spanande og litt kaotisk. Ein må alltid vera til stades der ting skjer, ein må halde seg oppdatert og orientere seg raskt. Det er ein beintøff jobb. Sik svarar Hege Moe Eriksen på spørsmålet om korleis ho har kome dit ho er i dag. Og legg til:

– Slik har eg eigentleg hatt det heile livet – eg har jobba hardt og vore drevet av oppdagingslyst og nysgjerrigheit.

Kva drøymte du om som 18-åring?

– Reise og oppdage verda. Verte dansar. Men prøvde vel mest å finne ut av kva eg eigentleg drøymte om. 

Kva bok har påverka deg mest?

– Det er mange. Men forfattarskapet til Dostojevskij gjorde sterkt inntrykk. Eg var ung da eg las Forbrytelse og Straff og deretter Brødrene Karamasov, og vart fjetra av Dostojevskijs formidlingskraft .  

Kven er dine største forbilde? Og kvifor?

– For tida er mitt største journalistiske forbilde Erik Bye. Han har ein unik forteljarstemme og ruvar i det norske presselandskapet. Nyleg oppdaga eg dei gamle radiokåseria hans frå etterkrigstidas Amerika. Her skriv han om liva til arbeidsfolket, slitarane, sjømennene, soldatane –  alt framført med dirrande nerve i ei myndig røyst. Det er noko djupt medmenneskeleg i skildringane hans. Erik Bye såg folk. Han møtte dei deira kvardag, skildra sorgene og gledene deira, nederlag og sigarar – raust og med omsorg. Slik ynskjer eg sjølv å vera som journalist.
Men ho har også fleire forbilde, og føler at ho vert inspirert av folk rundt set kvar dag.

– Ikkje minst av dei gode korrespondentkollegaane mine i Brussel, som med sine skarpe pennar, enorme kunnskap og ektefølte engasjement, alltid imponerar meg.

Kva meining har ordet feminisme for deg?

–Ein kamp for like rettar. Eit menneskesyn.

Er du feminist?

– Ja, absolutt! Eg vil ha lik løn for likt arbeid. Eg vil at sjølvkjensla til unge jenter ikkje skal avhenge av korleis dei ser ut. Eg vil ha kvinnelege rollemodellar som snakkar om andre ting enn diett, trening, eller korleis motstå å ete kake. Eg vil heller ha dei brennande hjarte – dei som tenkjer, skapar og kjempar. Dei som har fokus på andre enn seg sjølv.
Som utanrikskorrespondent har ho treft kvinner i Europa med heilt andre perspektiv: – Ei ung arbeidsledig mor i Spania som nokre gonger må stele mat til sonen i åkeren. Ein prisbelønna ung forskar i Italia som ikkje har råd til å starte familie. Ei ung skodespelarinnesom ikkje tør å drøyme om framtida. Dei står midt i ei alvorleg økonomisk krise, men dei har eit pågangsmot og ein livskraft eg knapt har sett maken til. Eg er audmjuk og takksam for å få møte slike menneske. Eg prøver å lære av dei.

Har du nokre gong møtt utfordringar som kvinne i din bransje?

– Nei, heldigvis. I Europa har eg aldri følt nokon forskjellsbehandling. (Eg synes det er spesielt bekymringsfullt å lese rapportane frå Tahrir-plassen i Egypt i desse dagar. Organisasjonar rapporterar om ein epidemi av seksualisert vold. Også kvinnelege journalistar har vorte råka. Eg blir regelrett uvel av å tenkje på kva mange har gått gjennom, og det er viktig at det rapporterast om det som skjer.) 

Er det noko du skulle ynskje du kunne?

– Synge! Eg vert imponert av operasongarar med stålkontroll på stemma. Synes det er veldig fascinerande med alle treningsøvingane dei må gjennom for å utvikle klang og styrke. Hadde eg hatt tid, skulle eg take songtimar, men det blir med skråling i dusjen.Og så skulle eg ynskje eg var god til å lage mat og til å bygge ting. Litt betre på det fyrste enn det siste, men her er det forbetringspotensiale på båe område.

Kva gjer deg lukkeleg i kvardagen?

– Familien min- det viktigaste av alt. Ein klem. Feste blåskjel til ein hyssing og fiske krabber med dottera mi. Lyden av kaffimaskina heime. Treffe menneske med sterke historier. Lakris.

Kva er dine beste tips til ungdom som vil lukkast i din bransje?

– Dyrk interessene og engasjementet ditt. Skaff deg kunnskap om konkrete samfunnsfelt i tillegg til journalistikken, enten det er økonomi, politikk, miljø eller kultur. Spesialiser deg på eit område. Kjeldene blir meir profesjonelle og meir spesialiserte, da må vi journalistane også bli det. Utvikling av teknologi og sosiale medium gjev auka behov for djubdejournalistikk. Vi treng godt skulerte folk både i aviser, radio og tv.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

ANNONSE