Norske kvinner kan mindre om politikk enn menn
Norske kvinner har mykje mindre kunnskap om politikk enn norske menn, viser ei stor internasjonal undersøking i ti land.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norske kvinner kan minst
Trass i at Noreg har kome langt på likestilling, er spriket mellom kva kvinner og menn kan om politikk, størst i Noreg, melder NRK.
– Vi fann eigentleg det stikk motsette av det vi trudde i utgangspunktet. Det var ikkje slik at kjønnsgapa var minst i Noreg og i landa som scorar høgst på likestillingsbarometer. Tvert imot var gapa mellom menn og kvinner sine politiske interesser veldig stor, seier professor Toril Aalberg ved NTNU som står bak den norske delen av undersøkinga.
Dess meir likestilte kvinner og menn er, dess større er altså forskjellen mellom kva dei kan om politikk. (©NPK)