Kva sa du?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rår fleire til å studera språk

– Mange tenkjer at dei kan engelsk og at det er nok. Men det stemmer ikkje alltid, seier Gertrud Gilli.

Gilli arbeider som omsetjar og har tidlegare vore engasjert av Framandspråksenteret i Østfold som reiselektor i tysk. Jobben gjekk ut på å reise rundt på vidaregåande skular i Noreg og fortelja om mulegheitene som opnar seg ved å studere tysk, anten på vidaregåande eller i høgare utdanning.

– Enkelte sa dei ville bli politi, og trudde ikkje tysk var relevant for dei. Men om det til dømes er ei europeisk politikonferanse i Berlin, sender dei jo gjerne den som kan tysk, påpeikar Gilli.

– Upopulært å pugge
Talet på norske studentar som vil studere framandspråk er stabilt lågt. I år har berre 3,3 prosent av dei omlag 117 000 søkjarane i Samordna opptak kryssa av for engelsk, fransk, spansk og tysk eller eit anna framandspråk som førsteval. Til samanlikning var det 3,4 prosent i 2012 og 3,5 prosent i 2011.    

Ei av dei somikkje representerer denne statistikken er Anniken Schwamborn. 28 år gamle Schwamborn har knapt gjort anna enn å studere språk. Heile grunnskulen gjekk ho på tysk skule i Oslo , eit naturleg val sidan mora er tysk. Etter vidaregåande vart det eit år med fransk årsstudium i Frankrike, før ho byrja på bachelorprogrammet i Midt-Austen-studiar ved Universitetet i Oslo, der arabisk språk inngjekk. 

– Det er ein struktur ved det som eg likar godt. Det er mykje å halde styr på, men svært systematisk, understrekar Schwamborn.

Du er tospråkleg, trur du det gjorde det lettare for deg å lære arabisk?

– Å vekse opp med to språk har vore ein viktig del av identiteten min. Det å lære grammatikk har vorte veldig ufarleggjort. Systematikken i arabisk er jo heilt annleis enn i tysk, men eg er veldig innforstått med kva predikat, verb og substantiv er. Når andre seier det er vanskeleg, trur eg det handlar om eigeninnsats. Det er kanskje ikkje så kult å pugge, undrar Schwamborn. 

Eit nytt tankesett
Etter å ha studert arabisk i godt og vel to år, fekk Anniken Schwamborn høve til å reise til Sudan for Raude Kross ungdom for å drive opplæring i organisasjonsarbeid. Arabisk var arbeidsspråket og ho fekk for alvor ta kunnskapane i bruk. I ettertid har ho jobba for Raude Krossen i Oslo og Akershus. Snart reiser ho med sambuaren som har fått jobb i Libanon. Sjølv har ho ikkje fått jobb der, men reknar med det vil gå greitt med tanke på fransk – og arabisk – kunnskapane i kofferten.   

Gerard Doetjes, seksjonsleiar ved Framandspråksenteret i Østfold, fortel om ei lang rekkje karrieremulegheiter for ungdom som vel å studere språk.

– Snart skal vi erstatte ein generasjon språklærarar. Vi treng folk som kan språk i diplomatiet, i næringslivet kombinert med økonomikompetanse, vi treng tolkar og omsetjarar. Vi lever i ei globalisert verd der vi må forhalde oss til andre språk heile tida, minner Doetjes om, som sjølv har studert både tysk og svensk, i tillegg til å snakke flytande norsk og ha nederlandsk som morsmål.

Doetjes er også oppteken av å framheve ei anna side ved det å kunne språk, som er nyttig på sikt, men som du kan ikkje omsetja konkret på jobbmarknaden med ein gong. Det å lære eit nytt språk gir eit nytt tankesett, især om ein bur utanlands ei tid, meiner han.

– Det er ei erfaring som gjer at ein modnar og blir eit danna menneske, ein verdi som er ettertrakta i stort sett alle yrke. Om du ein gong får eit leiaransvar, er det særleg viktig å vite noko om korleis folk med ulike bakgrunn fungerer saman. Folk kan ha ulik etnisk bakgrunn eller ulik utdanning. Dei tenkjer ulikt, men det eine svaret treng ikkje vera meir rett enn det andre. Slik blir vi også meir kreative, trur Doetjes.

LES OGSÅ: – Stor forskjell å læra spansk i utlandet

Med nynorsk-master til NRK
Det kan også vera ei føremon å vera litt ekstra god i sitt eige språk. Nytilsett språksjef i NRK, Ragnhild Bjørge, tok master i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, før ho enda opp som radiojournalist i NRK Dagsnytt. Ho er ikkje i tvil om at nynorskkompetansen var ein styrke.

– For det første er det språket mitt. Når du er journalist må du vera glad i å fortelja, du må vera trygg på at du kan det du kan. Det er det godt å kunne gjera det på sitt eige språk. Ein annan ting som er fint med nynorsk, er at det er eit aktivt språk. Vi går rett på. Eg trur folk vaknar meir når dei høyrer «Politiet skaut han» enn «det ble løsnet skudd fra politiets side», seier Bjørge.

Trur du at du hadde kome deg såpass enkelt inn i NRK utan nynorsken?

– Vegen inn til radio er oftast lengre enn han har vore for min del. Men dei fleste kjem inn via praksis, for min del frå Nynorsk mediesenter. Skal du gjera det bra på radio, men du skilje deg litt ut. Da kan du ha eit fortrinn som nynorskbrukar.  

Som språksjef har Bjørge klara planar om å styrke nynorsken ytterlegare i NRK.

– Det vert gjort mykje bra nynorskarbeid rundt i organisasjonen. NRK Super, til dømes, har jo fått skryt for nynorskbruken sin. Det er muleg fleire kan læra av korleis dei har tenkt. Det skal ikkje vera noko som hindrar NRK-tilsette i å nytte nynorsk om dei ønskjer det. Men eg er open for innspel, og kanskje kunne eit nynorskkurs fått enda fleire til å bruke språket.

Gå til temasidene vår om språk!