Om å velje vekk ein del av livet

Marit Nerås Krogsæter
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein må ta vanskelege val og ofte endar ein opp med å skuffe nokre få eller mange. Det er tøft å prioritere, men nokon gongar må ein berre gjere det i håp om at det er det riktige valet. Dette innlegget er ikkje om kvar den nye omsorgsbustaden i Haram skal liggje, eller kor mykje ei skal kutte i reinhaldstenester for at kommuneøkonomien ikkje skal gå i dundrande underskot. Dette er eit innlegg om korleis ein må prioritere i livet. Å velje noko over noko anna.

Det har vore nokre tåre- og smertefulle dagar i forkant av svarfristen om gjenval til Senterungdomen sitt sentralstyre. For nokre vil det verke uforståeleg korleis ein kan gråte av å seie «ja» eller «nei» på spørsmålet om ein vil vere med eitt år til som styremedlem i Senterungdomsrørsla. For meg var det eit tøft val. Eit tøft val fordi eg har så lyst til å halde fram med å utvikle organisasjonen vår vidare og til nye høgder, samstundes som eg veit at eg kjem til å gå på ein smell dersom eg seier at eg vil halde fram.

Er det betre å skuffe seg sjølv enn å skuffe andre? Ja, for meg er det betre. Eg bryr meg om å gjere den jobben som folk har sett meg til og ikkje minst gjere den jobben bra. Dette året har vore eit tøft år og eg har strekt strikken så langt det er mogleg for å få til alt. Om ikkje enno lenger. Det er viktig for meg å ikkje skuffe dei som har gjeve meg tillit til å drive på med anten organisasjonsarbeid, politikk eller studiearbeid. Eg vil heller skuffe meg sjølv ved å ikkje ta gjenval enn å skuffe organisasjonen ved at eg kan gå på ein smell og berre greier ei halv periode til. Dette er ei ny oppleving for meg. Å velje noko til fordel for noko anna. I livet har eg alltid hatt tid til å drive på med det eg elskar. Anten det er musikk, dans, volleyball, politikk eller å vere med nære og kjære. Eg har alltid hatt tid til å drive med det eg vil, men no ser eg det at noko av det eg elskar å drive på med går på bekostning av noko anna.

Dette er ikkje eit farvel for alltid. Dette er ei pause. Ei pause for å hente meg inn igjen og setje ting i perspektiv. Livet er ikkje berre politikk. Livet handlar om å prioritere. Nett no skal eg prioritere studiar, regionalpolitikk og livet. Eg vel å ikkje gå på ein smell. Men det er vondt. Det er vondt å velje vekk noko som har gjeve deg slik ei stor glede i kvardagen. Det er så vondt at eg gret. For det handlar om prioriteringar. Det handlar om å ta vanskelege val der ein anten endar opp med å skuffe nokre få eller mange. Eg tykkjer prioritering er vanskeleg, men eg håpar at dette er det riktige valet for meg. Men det kan eg ikkje vite. Enno. Nett no sit eg ikkje med ei god kjensle i meg om at dette var riktig. Men det vil verte betre etter ei stund. Eg har framleis nokre månadar igjen som sentralstyremedlem i Noregs råaste ungdomsorganisasjon, og eg har ein plan om at eg skal gjere det meste ut av dei.

Eg seier ikkje farvel. Eg seier på gjensyn.