11.500 på venteliste til vidaregåande

Over 90 prosent har fått tilbod om vidaregåande opplæring.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire får oppfylt førsteønsket

Nesten 11.500 ungdommar står på venteliste etter førsteinntaket til vidaregåande skule, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

Snautt 195.000 ungdommar har søkt om vidaregåande opplæring for skuleåret 2013/2014. Over 90 prosent av dei har fått tilbod om skuleplass. Omtrent 85 prosent har fått tilbod om førsteønsket sitt, opplyser Utdanningsdirektoratet.

Men framleis står 11.500 på venteliste, etter at alle fylkeskommunar har gjort førsteinntaket sitt. Av desse er det rundt 6.000 ungdommar som har rett til vidaregåande opplæring.

Dei enkelte fylka jobbar no for å sikre søkarane på venteliste skuleplass før skulestart i august, fortel Kjetil Digre, avdelingsdirektør for statistikk i Utdanningsdirektoratet.

– Ungdom har rett til å bli tekne inn til eitt av dei tre utdanningsprogramma på Vg1, så alle vil få tilbod om plass. Men det kan vere ei utfordring for fylkeskommunane å innfri første- og andreønska til søkarane, seier Digre. (©NPK)