Konsertar, kurs og kappleik er stikkorda under Jørn Hilme-stemnet som går føre seg i Valdres denne veka.

NPK- Johanne Flottorp
NPK- Johanne Flottorp
Faktaboks

Jørn Hilme, og kalla Skjegle-Jørn, (1778-1853 var ein vidgjeten spelemann frå Nord-Aurdal i Valdres. Han er rekna som ein av dei største stilskaparane innanfor Valdres-spelet, og har om lag same vørdnad i Valdres som Myllarguten har i Telemark.

På Valdres Folkemuseum vart dei reist ein minnestein over Jørn Hilme i 1960. I høve avdukinga av "Hilmissteinen" vart det halde Kappleik, og sidan eit årleg stemne, Jørn Hilme-stemnet, som går føre seg siste helga i juli kvart år.

Les meir om Jørn Hilme på Wikipedia!

LES FAKTALUKK FAKTA

Jørn Hilme-stemnet på og rundt Fagernes har blitt arrangert sidan 1960. Stemnet varer ei heile veke, og sundag starta festivalen med at hardingfelespelaren Synnøve S. Bjørset spelte solokonsert i St. Thomas-kyrkja på Filefjell.

Festivalsjef og leiar i Valdres Folkemusikkarrangement Anne-Marte Før er nøgd med opninga.

– Det var ein fin konsert, og det var fullt av folk i den vesle kyrkja, seier ho.

Jørn Hilme-stemnet trekkjer mest folk mot helga, då festivalen blir flytta til Valdres Folkemuseum. Dei første dagane er det einskildkonsertar rundt om, som til dømes «Solefallskonserten» med Camilla Granlien og Slagr på Jaslangen tysdag kveld og konsert med Hekla Stålstrenga på Farmen-garden Landmark onsdag.

Totalt satsar festivalen på mellom 7000 og 8000 besøkjande.

LES OGSÅ: Høge hattar og små harper

Festivalsjef på scena
Parallelt med Jørn Hilme-stemnet går Strunkeveko, eit folkemusikk og -dansekurs for barn og ungdom. Deltakarane kom til Valdres folkehøgskule sundag kveld, og der blir dei utover veka.

På laurdagen og søndagen skal det vere kappleik. Her kjem festivalsjefen til å vere aktiv. Det blei tidlegare i sommar lagt ut eit bilete av Anne-Marte Før på Facebook med instruksjonar om kor mange «likes» som skulle til før ho måtte opptre i ulike klassar. Dette biletet har fått stor merksemd, og no må Før stille opp i vokal, ho må delta med ein lokk, og ho må danse både valdresspringar og lausdans.

– Det blir ikkje så mykje tid til trening akkurat no, seier Før.

– Me får rekne med at dei fleste andre kappleiksdeltakarane er litt betre førebudde enn meg, legg ho til.

LES OGSÅ: Hått på den eldste folkemusikkfestivalen i landet

Gode karar
På dagtid laurdag blir det òg Godkartevling på Skiferplassen i Fagernes sentrum. Her skal karar og kvinner blant anna konkurrere i å gjere dei sprekaste godkarstykka og gjennomføre det finaste hallingkastet.

Stemnet legg stor vekt på variasjon i konsertprogrammet. Det blir alt frå små, intime konsertar med tradisjonell musikk, til større verk som berre kjem til å bli framførte på Hilme. I år har Anders Erik Røine laga bestillingsverket «Kristine Valdresdatter», som har same namn som ein stumfilm. Filmen skal bli vist til konserten, der Røine har med seg Marit Karlberg, Hans Hulbækmo og Sondre Meisfjord.

Ein annan konsert som er unik for Jørn Hilme-stemnet i år, er konserten «Sysken», der dei to Gåte-syskena Gunhild og Sveinung Sundli har fått med seg storebror Sturla Eide. Denne konserten er på museet laurdag kveld.

Under heile festivalen er utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme» open på Valdres Folkemuseum. I tillegg blir det fleire danse- og instrumentkurs, og dansespel på fleire golv kvar kveld etter at festivalen har flytta seg til museumstunet. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE