Høge hattar og små harper

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år skal dei to festivalane samarbeide om både turar, kurs og konsertar. Med på laget er også det lokale plateselskapet ta:lik.

– Det er ikkje slik at eit musikkinteressert publikum høyrer på berre ein sjanger, konstaterer Anne-Marte Før, festivalsjef i Jørn Hilme-stemnet. Men ho erkjenner samstundes at folkemusikken er ein langt smalare sjanger enn rocken, og at det for deira del er viktig å syne fram kva dei held på med til fleire.

– Vi ynskjer å invitere nye målgrupper til festivalen. Ein treng ikkje vera fullblods folkemusikar for å trivast, det held at ein er nyfiken på musikken og dansen.

– Og folkemusikken er trass alt den lokale fjellurrocken, slår ta:lik-sjef Frode Rolandsgard fast med eit smil.

Gokars-kurs
Samarbeidet blir synleg både på scena og i kursprogrammet under årets Vinjerock. ta:lik-artistane Sudan Dudan og Hekla Stålstrenga skal båe opptre i løpet av festivalhelga i Jotunheimen, og lærelystne Vinjerockarar får høve til å lære seg både gokarstykkjo og munnharpespel.

– Gokarskurset blir halde av to av landets desidert beste lausdansarar, nemleg Silje Onstad Hålien frå Høresbygda i Vang og Torkjell Børsheim frå Ulvik i Hardanger, fortel Vinjerock sin aktivitetssjef Hallgrim Rogn.

– Ambisjonen er å lære bort eit festtriks eller to, i god Vinjerock-and. Både hattesparking og rævkrok er gode måtar å avgjere kven som er sprekast på. Men sjølv om kurshaldarane er best av dei beste er det lagt opp til eit kursnivå som alle kan få noko ut av, forsikrar han.
Anders Røine fyller fjellsekken med munnharper, og skal lære bort kunsten å meistre det båe festivalane meiner er eit kraftig undervurdert instrument. Røine utgjer for øvrig nemnde Sudan Dudan, saman med Marit Karlberg. Gruppa speler nye og eksotiske tolkningar av tradisjonsrik vokal- og slåttemusikk.

Langtur
Som sjølve krona på verket i samarbeidet inviterer dei to festivalane til ein vandretur frå Vinje til Hilme. Når scena blir rigga ned på Eidsbugarden tek Eivind Brenna og Ingeborg Lunde med seg spreke fjellfolk på tredagarstur i retning Jaslangen, kor den spektakulære Solefallskonserten ventar på tysdag kveld. Det ryktast også at turfølget skal innom på stølsbesøk hjå Vinjerock-sjefen i Smådalen langs ruta.

Og dei som ikkje blir med på vandring kan avrunde festivalhelga i fjellet med konsert i St. Thomaskyrkja på ettermidagen sundag 22. juli. Der inviterer Jørn Hilme-stemnet til konserten «Stavkyrkjesongar – St. Thomas og klukkelåtten». Den tek utgangspunkt i ein gamal middelaldersk sekvens frå 1173, og har fått nytt liv i regi av Anders Røine, Elisabeth Vatn, Terje Isungset og Berit Opheim Versto.