Kritiserer haldningsarbeidet etter 22/7

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ap-politikaren og styreleiaren i organisasjonen Hvite Busser meiner regjeringa har gjort påfallande lite når det kjem til «haldningsberedskap», skriv Dagsavisen.

– Det burde vera i ånda til denne regjeringa å ta tak i dette, seier Gerhardsen, som fortel at han har forsøkt å få politikarane på Stortinget til å ta tak i problemstillinga.

– Eg har fått mykje verbalt medhald, men eg er skuffa over at politikarane på Stortinget og i regjeringa ikkje har følgt opp med midlar, seier Ap-politikaren.

Han seier han blei veldig skuffa over at det ikkje stod noko om haldningsberedskap i beredskapsmeldinga som regjeringa la fram i år.

LES OGSÅ:– Eg er ein annan person enn for eitt år sidan

Ikkje meir bekymra for terror
Dei aller fleste er ikkje blitt meir bekymra for seg og sine nærmaste etter terrorangrepa i Noreg for to år sidan, viser ei undersøking som Norstat har gjennomført for Vårt Land.

Éin av fem svarer at dei er blitt meir bekymra for seg sjølv og sine nærmaste. 59 prosent er ikkje blitt meir bekymra, mens 19 prosent svarer verken eller.

Filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen ved Universitetet i Oslo er overraska over resultatet av undersøkinga.

– Det kan bety at to år er såpass lang tid at bekymringa for eit nytt angrep har minka. Eller det kan bety at folk synest styresmaktene gjer ein god jobb med overvakinga av ekstreme miljø. Overvakinga har jo blitt meir intensivert, seier Vetlesen.

LES OGSÅ:Demokrati-kritikk av ny læreplan

– Kan virka naivt
Vetlesen meiner likevel at tilliten til styresmaktene kan virke naiv, og innrømmar at han hadde forventa at fleire var blitt meir bekymra.

– Varg Vikernes-saka viser at det er nok av ekstremistar som til dels har same synspunkt på muslimsk innvandring i Europa som Breivik. Den ideologiske trusselen som Breivik utgjorde er ikkje uskadeleggjort, verken i Noreg eller Europa. Han forsøkjer dessutan, så langt han kan, å vidareføre nettverka sine frå fengselscella, seier Vetlesen.