– I dag kjem nesten ikkje noko populærlitteratur ut på samisk. For å få faktisk jamstilling, ynskjer vi at fleire bøker vert gjeve ut på både samisk og norsk, seier leiar i Noereh!, Helge Aslaksen Ravna.

Aslaksen Ravna meiner at omsetjing av internasjonal litteratur til samisk vil vere eit friskt pust for både språket og litteraturen. 

LES OGSÅ: Stadig fleire studerer samisk

Språket må leve
– Unge samar i byane har ingen litteratur. Samiske forfattarar skriv gjerne frå tradisjonelle samiske miljø. Fleire omsetjingar vil gjere språket levande på ein annan måte, seier Aslaksen Ravna.

Der finst ein del barnelitteratur på samisk, men på ungdomskulen byrjar det å skorte, ifølgje Aslaksen Ravna. Han meiner det er mangel på samisk ungdomslitteratur.

LES OGSÅ: Bur de i lavvo med parabol og Internett?

– Vi må ikkje vera redde for å utvide språket. Vert det for gammaldags, klarar det ikkje å overleve. Kanskje har vi sett det tradisjonelle språket for høgt.

Meir enn sakspapir
Tuva Svendsen frå Karasjok har ikkje samisk som morsmål, men lærte det då ho flytta til bygda som 9-åring. Ho meiner meir omsett litteratur vil kunne bidra i læringa.

– Vi treng meir enn den klassiske samiske romanen, som handlar om reindrift eller ein barndom på internat. Vi treng kjende verk som Harry Potter og Ringenes herre. Dess meir ein les, dess flinkare vert ein, seier ho.

LES OGSÅ: Med elva som livsstil

– Ein les fort for lite samisk fordi ein ikkje må. Norsk møter ein jo overalt, og då kan det verte lett å føretrekkje. Vi treng meir enn berre sakspapir på samisk. Dei kan jo vera kjedelege nok frå før.

Ungdom vil lese
Noereh!-leiaren meiner ansvaret for å få meir litteratur omsett til samisk ligg hjå dei som bryr seg om at samisk skal overleve, inkludert politikarane.

– Forlaga gjer mykje, men det trengst økonomisk hjelp og det må kome på dagsordenen. Det er ei myte at ungdom ikkje les, for kva skal dei gjere når dei ikkje har noko å lese, spør Aslaksen Ravna.

Usikker på Harry Potter
Marit Alette Utsi er nestleiar og forlagsredaktør i Davvi Girji, som er det største samiske forlaget i Noreg. Ho er usikker på om dei kan tenkje seg å gje ut Harry Potter. Samstundes er ho samd i behovet for meir litteratur omsett til samisk.

– Harry Potter har mange unge allereie lese på engelsk eller norsk, så det er ikkje sikkert dei vil lese den på nytt. Men vi kan tenkje oss å gje ut andre populære titlar for ungdom. Fantasy er det til dømes lite av på samisk.

Også ho har merka mangelen på samisk ungdomslitteratur. Mellom anna spør skulen etter titlar tilpassa ulike aldersgrupper til leseutvikling.

LES OGSÅ: Faga ingen vil studere

– Samisk ungdom har ikkje dei same valmoglegheitene som alle andre. Det er få titlar og dei kan jo ikkje lese dei same titlane på nytt og på nytt. Vi må både løfte fram originalmanus frå yngre forfattarar og få fleire omsetjingar.

Utsi meiner det er viktig at midlane som går til omsetjing av litteratur vert høgare. 

– I dag har vi berre midlar til omsetjing av ein til to titlar i løpet av eit år, seier ho.  

Ingen har søkt
I år har Sametinget sett av kring 6. 000 000 kroner til utgjeving av samisk litteratur. 60 prosent av denne potten skal nyttast til skjønnlitteratur med samiske originalmanus, digitale utgjevingar innan skjønnlitteratur, og omsetjing av populær- og verdslitteratur for barn og unge.

– Vi har opna for at forlaga kan søke midlar til omsetjing, men ingen har søkt. Det vi har motteke, er søknader til eigenproduksjon, forklarar ansvarleg politikar på Sametinget, Vibeke Larsen (Ap). Ho sit i Sametingsrådet, som fordeler midlane

– Ei forklaring kan nok vera at det er vanskeleg å få rettar til bøkane, ein har lite musklar i forhandlingar ute i verda.

Omsetting av populære ungdomsbøker til samisk er eit prioritert område for Sametinget i 2013, heiter det i budsjettet. I tillegg til å støtte omsetjingar, er Sametinget i dialog med dei store forlaga i Noreg. 

– Vi ynskjer å få rettane til bøkene til Noreg, ikkje berre til norsk. Sjølv om dette ikkje er så lett, har vi starta dialogen. Dei store forlaga kan også søkje midlar til omsetjing, og kanskje gje ein dytt til dei samiske forlaga. Samisk ungdom treng omsett litteratur. Dei er globale dei også og fylgjer dei same trendane som annan ungdom, avsluttar Larsen.

LES OGSÅ: Skeiv litteratur til folket!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE