Utnyttar au pairen

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein ny rapport frå Au Pair Center kjem det fram at senteret sidan oppstarten har teke imot 150 saker.

LES OGSÅ: Stein for stein vinn vi kampen

– I mange av sakene vi har fått inn, har vi sett at familiane ikkje har vore klare over at dei bryt lova, seier Marit Vik, som er jurist ved senteret, i ei pressemelding.

Tydelegare konsekvensar

– Familiane som bruker ordninga som billig arbeidskraft risikerer svært lite fordi kontrollen er for dårleg, seier Vik.

Ho meiner at det bør bli tydelegare kva konsekvensar misbruk av au pairen kan føre til.

LES OGSÅ: Ser svart på framtida

I 10 prosent av sakene som har kome inn til Au Pair Center, er det snakk om grov utnytting av au pairen, anten ved tvangsarbeid eller seksuell utnytting.

Vik strekar under at i dei familiane der det har blitt fokusert på kulturelementet slik det skal, trivst både familien og au pairen med ordninga.

Rapporten frå senteret, som er eit samarbeid mellom Norsk Folkehjelp og Fagforbundet, blir presentert denne veka.

LES OGSÅ: Når skulen støyter deg ut

Tenarar eller arbeidsfolk

NRK Brennpunkt sette tidlegare i år debatten i gong for fullt, med sin dokumentar «Herskap og tjenere». Dokumentaren gjorde det synleg at kulturutveksling i få tilfelle er målet, korkje for au pairen eller for vertsfamilien. 

Sidan 2000 har talet på au pairar i Noreg blitt firedobla, og 90 prosent kjem frå Filippinane. I kjølvatnet av Brennpunkt-dokumentaren argumenterte prosjektleiar i Civita, Mathilde Fasting, for at au pair-ordninga bør bli regulert som arbeidsmigrasjon.

– Au pairen er allerie i eit norsk arbeidsforhold, men med ein lite tilfredstillande kontrakt og med eit avhengigheitsforhold til arbeidsgjevar som kan vere negativt, meiner Fasting.

LES OGSÅ: På flukt med fotoapparat