Drøymer om Brad Pitt

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk ungdom heilt ned i 13-årsalderen prøver seg fram med veksthormon, skriv Universitetet i Tromsø (UiT). Gutane fortel at draumen om å få kroppen til Brad Pitt får dei til å eksperimentere med dopingmidlar.

Kan straffast som narkotika
I byrjinga av juli vart kjøp, eige og bruk omfatta av forbodet i legemiddellova. Dette vil kunne verte straffa på same måte som eige og bruk av narkotika. Frå før er det forbode å importere, produsere og selje dopingmidlar til ikkje-medisinsk bruk. Ifølgje UiT er føremålet med kriminaliseringa allmennpreventiv og å skape sanksjonsmoglegheiter.

LES OGSÅ: Stortinget debatterer kriminalisering av doping

– Tilgangen til dopingmidlar er vesentleg endra med Internett. Vi veit at forbruk kan vere utbreidd i enkelte miljø, sjølv om forbruket er lite i befolkinga som heilskap, seier helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre i ei pressemelding.

Uroa for trenden
Professor Bjarne Østerud ved Helsefak ved UiT åtvarar mot trenden.

– Veksthormon er skadelege. Det kan mellom anna føre til kreft, hjarteinfarkt, kroppslege forstyrringar, auka agressivitet og auka hårvekst. For ungdom er slik bruk særleg farleg, fordi dei ikkje er ferdig utvikla, seier Østerud til UiT.

Ei anna bieffekt er at også dei indre organa kan vokse. Årsaka er at veksthormon gir større og fleire muskelceller i kroppen.

LES OGSÅ: Tenkjer seg tjukke

– Det skjer at ungdom får hjarteinfarkt av slike preparatar, seier professoren.

Det er flest gutar som ringer hjelpesentralen Dopingtelefonen for å få hjelp. Men også mange jenter byrjar med veksthormon, for å få ein slank og definert kropp.

Norsk helseinformatikk opplyser til UiT at talet på svenske jenter som brukte anabole steroid auka med nær 50 prosent i laupet av eit halvt år, og at norsk ungdom ned i 13-års alderen tek kontakt med Dopingtelefonen på grunn av problem med doping.