Pustar seg til døde

Luftforureining tek livet av meir enn to millionar menneske kvart år. Men klimaendringane har lite å seie, ifølgje forskarane.

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette kjem fram i ein studie publisert i tidsskriftet Enviromental Research Letters. Bak studien står over 30 forskarar frå ei rekke universitet både i USA og Europa.

– Våre utrekningar syner at luftforureininga er blant dei største risikofaktorane for helsa. Mange av desse dødsfalla finn stad i Sør- og Aust-Asia, der er store folkemengder lever med alvorleg luftforureining, seier Jason West, ein av forskarane bak studien, til Sciencedaily.com

Livsfarlig svevestøv
I studien undersøkjer forskarane kor dødeleg luftureinga er, gjennom å studere verknaden ozon og svevestøv har på helsa. Studien er ein såkalla meta-studie, kor forskarane har kopla og stilt saman funna frå tidlegare studiar. Funna er klare:

Det er særskilt svevestøvet i byane som øydelegg liv og helse. Svevestøv er små partiklar som svevar i lufta, og som vert med ned i lungene når menneska pustar. Desse støvkorna kan trenge seg inn i lungevevet, og der forårsake både kreft og andre luftvegssjukdomar.

I følgje studien døyr om lag ein halv million menneske av ozonforureining og heile 2,1 millionar menneske av svevstøvet.

LES ÒG: Vil ha full røykestopp

Kva har industrien å seie?
Eit av spørsmåla forskarane ville undersøkje var kva industrialiseringa og klimaendringane hadde å seie for luftforureing og dødelegheit. Då ville dei undersøkje kva dei klimaendringane som allereie har funne stad hadde å seie for luftforureininga i dag.

Dette er viktig fordi veldig ein veit relativt lite om dette frå før, i følgje Jason Wast.

–Veldig få studiar har freista å rekne ut effektane av fortidas klimaendringar på luftkvalitet og helse. Vi fann at effekten av fortidig klimaendringar sannsynlegvis speler ei veldig lita rolle for luftforureininga totalt sett, forklarar West.

Svaret dei kom fram til var at klimaendringar har relativ lite å seie. I studien rekna forskarane ut av klimaendringane totalt hadde ført til at 3700 fleire døydde av luftforureing. 1500 av desse døydde av auka ozonutslepp, medan 2200 døydde som følgjer av svevestøvet.  

LES ÒG: Olje- og gassutsleppa auka markant