På flukt med fotoapparat

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei ung kvinne står med hendene folda og lyttar til songaren frå Tunisia. Songaren fortel om den gongen ho gjekk med nakne skuldrer på gata i Kairo, og hadde si verste oppleving nokon sinne.

Den unge kvinna bryt ikkje inn. Samara Sallam ventar på sin tur til å fortelje. Med roleg blikk ser ho utover forsamlinga som er kome til Førdefestivalen for å lytte til debatten om kvinner i arabiske land.

Sallam frå Syria er journalist og fotograf. Med sjølvportrettet sitt vann ho Mediterranean Women’s Fund fotokonkurranse og fekk reise til Sunnfjord og Førdefestivalen.

LES OGSÅ: Over 45 millionar på flukt

– Våren vekte oss
Då bølgja av demonstrasjonar og protestar i ei rekkje arabiske land starta i 2010, var Sallam 19 år. Den arabiske våren vekte Sallam.

– Eg vart inspirert. Det var tid for endring og eg ville utvikle meg. Min uttrykksmåte er bilete og under den arabiske våren starta eg prosjektet «52 veker». Kvar veke tok eg eit bilete for å fortelje ei historie, fortel Sallam.

Bileta, som ho delte på sosiale medier, var hennar måte å uttrykkje seg på, kritisere undertrykking og fortelje små historier frå livet i den palestinske flyktningleiren i Damaskus.  

– Før revolusjonen var kulturlivet i Syria mangfaldig og i rask utvikling. Situasjonen var bra for kvinnelege kunstnarar. Etter revolusjonen endra det seg. No har kulturlivet minska. Kunstnarar som søker fridom, vert stogga, fortel Sallam.

LES OGSÅ: Den arabiske hausten

Møtte fordommar
Med bileta sine ville Sallam illustrere store ord, som demokrati og fridom. Og då kvinnerørsla Mediterranean Women’s Fund utlyste ein fotokonkurranse med kvinner sine rettar som tema, sendte ho inn sitt bidrag. Ho vil ikkje forklare sjølvportettet sitt nærare.

I sommar bur Sallam på Nordisk Kunstnarsenter i Dale.

– Eg har ikkje fått sett så mykje av Noreg. Men eit minne som har satt seg fast, er då eg vart teken til side av ein politimann på flyplassen i Tyskland. Han stilte meg mange spørsmål, fordi eg er arabisk, seier Sallam.

Hennar første møte med Europa var eit møte med fordommar, meiner ho.

LES OGSÅ: Mugabe møter mystisk motstand

Flykta med familien
Sallam budde i den palestinske leiren saman med familien sin. For åtte månadar sidan måtte dei flykte til Algerie. Ifølgje FN deler dei skjebne med kring 1,5 millionar syrarar som har flykta til andre land, og fire millionar internt fordrivne menneske.

I Algerie studerer Salama kunst på Ecole Supérieure des Beaux-Arts, fem timar frå byen der resten av familien bur.

LES OGSÅ: Transformatoren

– Alle lir
I Syria byrja den arabiske våren med opprør og demonstrasjonar, som har kulminert i borgarkrig. Til no skal konflikten ha kosta kring 100 000 liv, ifølgje Syrian Observatory for Human Rights. Tanken på heimlandet er trist for Sallam.

– Alle lir i Syria no. Leiren der eg budde er omringa av militæret og avskore frå det mest naudsynte, som mat og bensin, fortel ho.

Temaet for utstillinga under Førdefestival er kvinner sine rettar i kjølvatnet av den arabiske våren. Fleire stadar kjempa kvinner side om side med menn i opprøra, for så å oppleve at lovar som innskrenkar deira rettar vart innførte. Frå Syria kjem meldingar om at seksuell vald er utbreitt i den pågåande konflikten.

– Å endre mentaliteten i Syria vil ta lang tid. Somme kjende kvinnelege aktivistar har sagt at denne revolusjonen ikkje er deira. Men sjølv om framtida er uklår, er det vanskeleg å skilje mellom menn og kvinner i Syria no. Folk vert drepne og misser alt. Det er like ille for alle, seier Sallam.

LES OGSÅ: Ser svart på framtida