Når Ivar Aasen no skal feirast så det held i språkåret, måtte det verte Hovdebygda som vart base for Målungdommen sin sommarleir.

Roy-Arne Folkestad  Møre-Nytt
Roy-Arne Folkestad Møre-Nytt

 

Og medan jamaldringar kanskje er på sydentur eller hjelper slekta med ein sein førsteslått, finn ein no vel tretti over middels språkinteresserte unge på Hovden skule. Då Møre-Nytt tok turen dit torsdag ettermiddag, var ordførar Rune Hovde og Jostein O. Mo, som er sentral i markeringa av språkåret lokalt, til stades i eit klasserom i kjellaren. Dei hadde ein dialog om nynorsken i kjerneområda, og dei unge viste engasjement og hadde ei rekkje spørsmål.

Innslag
Dette var ein av mange innslag på leiren som varer til i morgon, søndag. Det vart halde små kurs og aktivitetar – og dei unge fekk attpåtil høve til å oppleve målmann og “mest sexy-kandidat”, Terje Kjøde, ikkje som målvakt, men som fotballtrenar.

– Å halde sommarleir er noko av det kjekkaste vi veit. Og her i Ørsta er vi i postkortomgjevnader som aldri før, opplever leiar Vebjørn Sture i Målungdommen.

Sommarleiren vert halden for å ha ein møteplass for språkinteressert ungdom.

– Sjølv om her er mykje sosiale aktivitetar, er dette også ein uformell språkverkstad og eit skuleringstiltak. Det kjekkaste med leiren er at det alltid dukkar opp nye andlet, fortel Sture.

LES OGSÅ: Mest sexy nynorskbrukar kåra

Organisasjon
Norsk Målungdom er den einaste nynorskorganisasjonen for ungdom. Dei jobbar ikkje overraskande for å fremje nynorsk og dialektar.

Vebjørn Sture kjenner at den nynorske vinden er sterkare enn på lenge.

– Vi auka medlemstalet med tjuefem prosent i fjor og har over tusen medlemmer. Engasjementet i enkeltsaker er sterkare. Og det er slutt på den tida då bokmålsfolket ropte ”nynorsk suger” etter nynorskfolket, og ein brann nynorskbøker. I dag er retorikken mildare og meir sakleg i språkdebatten, erfarer Sture. Han opplever at dei er med på å påverke språkpolitikken, og er særs glad for at den nye lærarplanen som har kome for grunnskulen, skal presentere sidemålet allereie i femte klasse.

LES OGSÅ: Jublar for eigen karakter i nynorsk

Ørsting
På sommarleiren finn ein det lokale andletet Synnøve Marie Sætre (23) frå Ørsta som er på full fart inn i sentralstyret til dei unge si målrørsle. Ho går på høgskule for å verte lektor i norsk og historie. På vegen dit har ho fått seg nokre aha-opplevingar.

– Før jul fekk eg ei eksamensoppgåve på bokmål og engelsk. Sjølv om eg hadde rett til å få oppgåva på nynorsk, måtte eg spørje særskilt om dette. Slik skal det ikkje vere, synest Sætre.

Når ho endeleg får nynorskoppgåvene, opplever ho at dei ofte inneheld mykje skrivefeil. Såleis er det ein jobb å gjere.

Ordførar Rune Hovde og Jostein O. Mo syntest det var flott å få møte språkengasjert ungdom i Ivar Aasen si heimbygd. Og dei meinte det var på sin plass at Målungdommen sin leir vart halden i Hovdebygda.

– Ja, det er heilt naturleg dette året. Det ville vore feil å leggje leiren til andre stader, meiner Mo.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?


Over tretti unge i Målungdommen er no på sommarleir i Hovdebygda.

Les saka i Møre-Nytt!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

Kommentarar

ANNONSE