Zimbabwe-president Robert Mugabe møter motstand frå ein mystisk Facebook-profil.

Etter mykje fram og tilbake, er datoen for presidentvalet i Zimbabwe endeleg satt. Siste dagen i juli møter president Robert Mugabe, som har leia regjeringa sidan 1980, fire andre kandidatar.

I tillegg møter den autoritære 89-åringen motstand frå ein mystisk Facebook-profil, som på kort tid har blitt eit fenomen i hovudstaden Harare.

Baba Jukwa
Baba Jukwa er ein andletslaus nettprofil, som hevdar å vere eit misnøgd medlem av Mugabes nære krins i Zanu-PF-partiet. På tre månader har Facebook-sida fått over 200.000 likar.

Sjølv skildrar BJ, som den anonyme vert kalla, seg som ein «bekymra far, som kjempar mot nepotisme og lenkjer sivilsamfunnet direkte til myndigheitene».

LES OGSÅ: Eldsjelene

På Facebook-sida vert det publisert skuldingar mot kjende politikarar, til dømes om korrupsjon. Politikarane vert namngjevne og mobilnummer vert lagt ut. Somme postar oppmodar zimbabwarane til å registrere seg og stemme.  I andre innlegg vert folk oppmoda om å oppsøke embedsmenn og «sende dei eit signal».

Trakassert
Saviour Kasukuwere er minister for ungdomsutvikling i regjeringa og medlem av Mugabes parti. Han  hevdar å dagleg verte trakassert av Baba Jukwas tilhengjarar.

– Dei ringjer kring 50 gongar dagleg og kjem med fornærmingar. Borna mine får også høyre det. Dei går på skulen og andre born seier «Baba Jukwa seier dette eller dette om far din». Dei er under stort emosjonelt stress, seier han til Allafrica.com.

QUIZ: Kva veit du om Afrika?

Ein allmenn snakkis
Medan somme reknar BJ som ein slags zimbabwisk Robin Hood, vert han av andre avvist som eit  «skummelt element». Om det verkeleg er snakk om eit partimedlem som lettar på dyna til det politiske spelet i Zimbabwe eller ikkje, så er i alle fall Baba Jukwa eit fenomen på mange sine lepper.

Det stadfester Cecilie Butenschøn Mariri, som bur i Harare, der ho arbeider ved Universitetet i Zimbabwe.

– No for tida skal «alle» lese siste nytt frå Baba Jukwa på Facebook. Eg har aldri lese denne BJ sjølv, for eg er ikkje på Facebook. Men han/ho/dei vert stadig referert i dei uavhengige avisene, og er absolutt ein allmenn “snakkis”, skriv ho i ein e-post frå Harare.

På Facebook-sida spår den ukjende at presidentkandidaten Tsvangirai vil få 85 prosent av stemmene i det komande valet. 

LES OGSÅ: Et insekt, redd planeten

– Men avisa The Herald, som er dominert av Mugabes parti, hevdar at det berre er folk i diasporaen (altså emigrantar), som har bidrege til Baba Jukwas valprognosar, seier Butenschøn Mariri.

Ifølgje henne tyder baba far, medan jukwa kan tyde ein ånd som gjev regn og fruktbarheit, eller ein dansande ånd.

Jusprofessor Anne Hellum ved UiO har òg god kjennskap til Zimbabwe, og er gjesteprofessor ved Universitetet i Zimbabwe. Ho har ikkje høyrt om fenomenet Baba Jukwa, men påpeikar at Harare er ein rykteby.

– Infiltrasjon i partia og ryktespreiing er utbreitt i Harare. Det setjast stadig ut rykter i alle moglege formar og variantar, og det gjer det vanskeleg å vurdere situasjonen og kva som kjem til å skje, seier ho.

LES OGSÅ: Eit farleg land å vera kvinne i

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

ANNONSE