Vil forby “onesies”

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lachlan Harris, tidlegare pressesekretær for Australias statsminister, Kevin Rudd, har engasjert seg i kampen mot heildekkande kosedressar. Han har lansert ein digital underskriftskampanje, med tittelen:  «Generation Y: Stop wearing onesies».

LES OGSÅ: Skal promotere norsk kunst i USA

Motkampanje
I skrivande stund har 158 personar skrive under på kampanjen mot “onesies”, sparkedrakter for vaksne. I tillegg er det vorte lansert ein motkampanje, som oppmodar folk fødd før 1983 til å stoppe kampanjen.

Sjølv om mykje av fokuset er på dei japanske klesdraktene kigu, som er eit slags kostyme, vil Lachlan Harris alle dei heildekkjande draktene til livs. Han meiner at klesplagga får ungdommar til å likne små babyar.

– Onesies er for små born i bleier som er heilt avhengige av foreldra sine, uansett om dette kanskje kan høyrast ut som generasjon Y, er dei ikkje slik lenger, seier Lachlan Harris til den australske nettavisa News.com.au.

Liknande utspel har og kome her heime.

– Det er kun lov for barnehagebarn å bruke slike heldresser, uttalte MAG-redaktør Celine Aagaard til Minmote.no.

LES OGSÅ: Ingen planar om kostymeforbod på norske kinoar

– Hyggeleg lesnad
Kampanjen kjem på eit nesten mistenkjeleg godt tidspunkt for det norske merket Onepiece, som lanserer sin fyrste butikk i landet den 19. juli. Men Onepiece-gründer Thomas Martin Adams avviser at det er gjort på oppdrag frå dei.

– Det passar veldig bra at saka kjem akkurat no, så eg tykte det var hyggjeleg lesnad, seier Adams.

– At dei eldre forsøker å lage eit forbod vil nok berre føre til at me sel meir, meiner 28-åringen.

LES OGSÅ: Moods of Norway vil ta New York

Bølgja over i Noreg
At produktet deira er både elska og hata er ikkje noko nytt. Slik har det vore sidan det heildekkjande antrekket såg dagens ljos ein klein sundag i 2007. Thomas Adams, Knut Gresvig og Henrik Nørsterud sydde saman ei joggebukse og genser, og då var det gjort.

Seinare har dei fått god draghjelp, av omtale frå den norske bloggkjendisen Voe, og at tenåringsidolet Justin Bieber har lagt sin elsk på dei heildekkande dressane.

I 2010 selde dei onepiecar for 72 millionar kroner, og i 2011 auka dette til 125 millionar, eit tal som har haldt seg stabilt òg i 2012.

– Folk i Noreg trur gjerne at Onepiece er daudt og ferdig, fordi bølgja her heime er over, men ute i verda har me fleirdobla salet, fortel Adams.

LES OGSÅ: – Vi må ta Bieber-hysteriet på alvor

“Slackerwear”
Dei har ikkje lenger nokon butikk i Noreg, men til gjengjeld har dei butikkar i mellom anna Berlin, London, Beverly Hills og snart Sydney.

– Me har ikkje gjort noko marknadsføring i Australia, men det har spreidd seg dit via sosiale medium. I fjor sommar var det i Australia me selde nest mest. I vår opna me eit kontor der nede, og 19. juli opnar me ein butikk i Sydney, fortel Adams. Han trur deira “slackerwear” passar godt på den australske marknaden med surferar og UGGS, som heller ikkje er kjent for sin vakre utsjånad.

Og Onepiece-gründaren trur ikkje at produktet deira har noko aldersgrense:

– Det er kanskje avgrensa kven som klarar å rocke ein Onepiece, men ein er aldri for gammal til å kle seg i det.