Stor sjanse for blåblå siger

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så stor er sjansen for blåblått

Ifølgje prognosen har dei raudgrøne under 5 prosent sjanse for å vinna.

Prognosen frå Norsk Regnesentral er utarbeidd på bakgrunn av tidlegare meiningsmålingar frå stortingsvala i 2005 og 2009. Forskarane meiner denne prognosen er meir presis enn vanlege meiningsmålingar, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: Politikk for dei fantasifulle

Den statistiske modellen som er brukt, skal gje ein prognose for kva det faktiske valresultatet blir, ikkje kva folk seier dei ville stemt viss valet var i morgon.

– Viss modellen stemmer, meiner vi det er minst 90 prosent sjanse for at partia får tala på mandat som intervalla våre viser, seier seniorforskar Clara-Cecilie Günther ved Norsk Regnesentral.

LES OGSÅ: Å stemme er engasjement

Prognosen viser at Høgre og Frp vil få minst 84 mandat åleine, og sjansen er stor for mellom eitt og ni mandat til.

Utrekningane slår også fast at SV vil hamna under sperregrensa og berre få éin representant inn på Stortinget.

Ifølgje Norsk Regnesentral er prognosen basert på ein forenkla versjon av den statistiske modellen den amerikanske statistikaren Nate Silver har hatt stor suksess med. I presidentvalet i 2012 fekk han rett i kven av kandidatane som ville vinna i alle dei 50 amerikanske delstatane. Under valet i 2008 fekk han rett i 49 av 50 statar.

LES OGSÅ: Opnar for å vrake Sp og Ap