Miljødirektøren flyr til jobb

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På grunn av desentralisering av statlege direktorat og andre organ, må miljødirektør Ellen Hambro pendla jamleg med fly mellom hovudstaden og den nye arbeidsstaden sin i Trondheim.

Hambro er nyutnemnd direktør for Miljødirektoratet, som blei oppretta 1. juli då Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif) blei slegne saman. Norske styresmakter har eit sterkt ønske om å desentralisera direktorat og statlege organ.

LES OGSÅ: Varmaste tiår kosta liv

I stillingsutlysninga var det eit krav at den øvste leiinga i Miljødirektoratet skal ha sete i Trondheim. 250 medarbeidarar skal arbeida i Trondheim og 360 i Oslo. For Hambro betyr det at ho må pendla mellom hovudstaden og Trondheim, skriv Teknisk Ukeblad.

Ho skal i utgangspunktet vera tre dagar i veka i Trondheim. Men det er lagt til rette for praktiske tilpassingar. Hambro viser til at det kan bli nokre heile veker i Trondheim og nokre heile veker i Oslo, avhengig av kor ho trengts mest. Uansett blir det mange flyreiser for miljødirektøren. Det ser ho sjølv på som eit dilemma.

– Det er klart eg ser det. Det er jobben vår å redusera klimagassutsleppa, samtidig som eg må reisa fram og tilbake, noko som vil medføra nokre utslepp når eg flyr. Det er eit dilemma, men samtidig også ein konsekvens av at det er oppretta eit direktorat som er delt mellom to byar, seier ho.

LES OGSÅ: – Helvete sel ikkje