Maktkamp i Arktis

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kan bli storm i Arktis, melder Universitetet i Oslo på sine nettsider. Kjelda til stormene er grensene for kontinentalsokkelen, og resultatet kan bli svekka tillit frå kyststatane.

Øystein Jensen disputerte nyleg ved Det juridiske fakultet, med avhandlinga “The Commission on the Limits of the Continental Shelf: Law and legitimacy”.

Han har studert Kommisjonen for kontinentalsokkelens yttergrenser. 21 ekspertar, mellom anna i geologi og hydrografi, sit i kommisjonen. Desse skal hjelpe kyststatane i å avgjere kvar yttergrensene for kontinentalsokkelen skal gå.

LES OGSÅ: Erobrar polhavet med luftputebåt

Undersjøisk land
Kontinentalsokkelen er ei forlenging av ein stat sitt kontinent, under sjøen. Sokkelen består av havbotnen og grunnen under. Den strekk seg ut i havet, heilt til ein markert og brattare bakke, som vert kalla kontinentalskråningen. Sjølve sokkelen ligg ned til 500 meters djup, og grenser til kyststatane sine territorium.

Dei geografiske yttergrensene er minst 200 nautiske mil frå kysten. Der sokkelen held fram utover desse 200 nautiske mila og ikkje grensar mot andre statar sine krav, kan ein stat få utvida sine grenser. Desse yttergrensene vert bestemt på grunnlag av Kommisjonen sine tilrådingar.

LES OGSÅ: Grøn utdanning i medvind

Ekspertane har stor makt
Og her er det altså Øystein Jensen meiner det kan blåse opp til storm.

Kommisjonen er nemleg ikkje berre eit rådgjevande og vitskapeleg ekspertorgan. Funksjonane og kompetansen i kommisjonen er også rettslege. Dette fordi kommisjonen si hovudoppgåve er å tolke og ta i bruk ein traktatregel. I tillegg har kommisjonen sine «tilrådingar» til statane monalege rettsverknader.

Kommisjonen har si oppgåve frå FNs havrettskonvensjon. Denne, og reguleringane som høyrer til, har ifølgje Jensen ikkje tilfredstillande reglar når det gjeld prosedyrar. Til dømes kan ikkje Kommisjonen sine vedtak klagast på, medlemma har ingen formell juridisk kompetanse, og sakshandsaminga føregår hovudsakleg bak lukka dører.         

Jensen har difor kome fram til det han kallar eit «vesentleg mistilhøve» mellom kommisjonen sine funksjonar og kompetanse på den eine sida, og prosedyrane og samansetninga på den andre.

Bryggjer til storm
– Ordninga er uvanleg. Som regel gir vitskapsfolk råd til avgjerdstakarane. Her er det imidlertid vitskapsfolk utan formell juridisk kompetanse som tolker og tek i bruk ei traktatbestemming, seier Jensen til UiO.

Ifølgje avhandlinga kan i verste fall ein storm blåse opp kring kommisjonen sine tilrådingar, som i sin tur kan svekkje statane sin tillit til regelverket og kommisjonen.

LES OGSÅ: Borar for miljøet