Frivillig vitamininnsprøyting

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For at Noreg skal halde fram med å vere verdsmeister i frivilligheit, må politikken gjere det enklast mogleg å vere frivillig, seier generalsekretær i Frivilligheit Noreg, Birgitte Brekke.

Organisasjonen representerer den frivillige sektoren i Noreg. Brekke meiner eit sterkare samarbeid mellom offentleg og frivillig sektor kan forsterke kulturløftet.

– Når Hadia Tajik legg fram Kulturløftet III i august, vil vi sjå ein meir heilskapleg politikk, med visjonar om vekst og utvikling. Vi vil at at myndigheitene sine forventningar til frivillig sektor vert følgt opp med stønad, seier Brekke.

Liten del av løftet
– Frivillige sin del av kulturløftet er svært liten. Den veksten vi har hatt, kjem av at organisasjonane sine momsutlegg i større grad har blitt kompensert. Dette er ikkje det same som auka tilskot, og må heller ikkje bli framstilt slik, seier Brekke.

Organisasjonen vil auke beløpsgrensa for skattefrådrag for gåver til 100 000 kroner for bedrifter, og 20 000 kroner for privatpersonar. I dag er grensa 12 000 kroner for både private og bedrifter.

– Slik kan vi stimulere gjevargleda, som er så viktig for frivillige organisasjonar, seier Brekke.

I tillegg vil organisasjonen at stønad skal gå til drift, framføre til prosjekt.

LES OGSÅ: Supert å vera frivillig i påska

Grunnmuren
Innspela frå Frivilligheit Noreg er ein respons på Kulturutredninga 2014, som var lagt fram i mars. Utvalsleiar Anne Enger sa då at det neste kulturløftet må skje lokalt.

– No er det på tide å styrkje den kulturelle grunnmuren for eit lokalt kulturløft, sa Enger.

Frivilligheit Noreg meiner frivillige organisasjonar er ein vesentleg del av denne grunnmuren.

– Frivillige organisasjonar spelar ei nøkkelrolle i lokalsamfunna. For å lukkast med eit lokalt kulturløft, må ein gjere nytte av erfaringane og kompetansen dei sit på. Vi kan jekke opp det lokale kulturløftet, seier Brekke.      

Verdiskapinga i ideelle og frivillige organisasjonar vart i 2010 rekna til å vere 101 milliardar kroner, ifølgje SSB. Aktivitetar innan kultur og fritid står for kring 40 prosent av denne verdiskapninga.

LES OGSÅ: På barrikaden

Forenkle samarbeidet
Blant dei andre forslaga Frivilligheit Noreg kjem med i sitt høyringssvar, er eit ønskje om å forenkle samarbeidet mellom frivillig og offentleg sektor.

Offentlege tilskotsordningar, regelverk og register må vere så enkle som mogleg og myndigheitene må utvikle éin definisjon på frivillige organisasjonar, meiner Frivilligheit Noreg. I dag finst der fleire ulike definisjonar, som vert brukt i mangfaldet av støtteordningar. Det gjev grobotn for forskjellsbehandling, meiner organisasjonen.           

LES OGSÅ: Frivillig arbeid for 60 milliardar

– Ein av verknadene av politikken kring frivilligheit er auka byråkrati for frivillige.Dette gir grunn til stor bekymring, meiner Brekke.

Frivilligheit Noreg er heller ikkje nøgde med Frivilligheitsregisteret, som skal vere ein kunnskapsbank for det offentlege med informasjon om frivillige organisasjonar.

– Registeret er for tungt og har for dårleg funksjonalitet. Vi veit at Kulturdepartementet jobbar med saka, men det går frykteleg treigt, seier Brekke.

Kulturløft i august
Kulturutredningen 2014 er ein gjennomgang av norsk kulturpolitikk, bestilt av Kulturdepartementet. Kulturminister Hadia Tajik har vore på rundreise i Noreg for å samle innspel til “det neste store kulturløftet”, som ho skal leggje fram i august.

Då Enger-utvalet la fram sin rapport i mars, slo kulturminister Hadia Tajik fast at det særleg var to ting som skulle danne grunnlaget for det neste kulturløftet:

– Det er denne utgreiinga og det er kultulivets eigne synspunkt, sa Tajik.

LES OGSÅ: Frivillig – fordi eg fortener det