Roppen frå Flø

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mellomnamnet Roppen avslører at guten er frå Flø, ikkje ghettoen i USA, som han fyrst byrja å skrive tekstar om.  

– Korleis gjekk det Chris, spør ei av damene i kafeen.  

Høyr musikken til Chris Masters på NRK Urørt.

Scenekarakter
Chris har nett hatt minikonsert, åleine på ein traktor. Han fortel at det gjekk bra. Tek av seg solbrillene inne. Han er ute av rolla.  

– Eg tek på meg Chris Masters på scena, då vert eg meir overflatisk og sjølvgod.  

Artistnamnet må han finne seg i å dele med ein amerikansk wrestler. Det er ikkje aktuelt å nytte heile namnet, Chris Roppen Masters.

LES OGSÅ: Hiphop frå Tysvær

Jamaica på Sunnmøre
Chris har vore eit einmanns-hiphopmiljø sidan han var 12 år. No, nesten ni år seinare, har han endeleg fått med seg eit band. Dei er med på konsertar, men på sin fyrste EP er han åleine.  

– Tittelen er «Here I am», det tykkjer eg er ein ganske klår bodskap. Eg er klar til å ta dette så langt eg kan.  

Ein far frå Jamaica har sytt for at han har utsjånaden. Ei oppvekst på Sunnmøre har sytt for ei dialekt som bryt med fyrsteinntrykket. Sjølv er han ikkje unødig blyg.  

– Det kan høyres ut som eg har litt mykje attitude, men det er berre fordi eg har ambisjonane på plass, seier Masters.  

LES OGSÅ: Ocean swims good

Internettflow
Han er nett ferdig utdanna barne- og ungdomsarbeidar. No er planen å flytte til Bergen for å satse på musikken. Han vil ut av Møre og Romsdal og verte ein del av det norske hiphopmiljøet.

– Før tykte eg det verka skummelt å satse på musikken. No tenkjer eg at eg heller vil satse og vete at eg har gjort det eg kan for å klare det, enn å angre på at eg ikkje prøvde.  

I sine tidlege år lærte han riktig flow på Internett og kopierte tekstar frå førebileta. Med meir engelskkunnskapar vart tekstane meir personlege. I tillegg kan det synast som om hiphoparar har vorte ei mindre homogen gruppe dei seinare åra.

– Ein treng ikkje vere ein hardbarka fyr frå Bronx for å drive med hiphop, slår Chris fast.   

– Eg ser kanskje skikkeleg bad ut, men eg er ganske grei, smilar han.    

LES OGSÅ: If God had an iPod, I would be on his playlist