Bygdeoptimisten

Vest-Telemark Blad
Publisert
Oppdatert 26.02.2024 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er det att bare åtte innbyggjarar att i Birtedalen i Fyresdal. Olav Kvipt er ein av dei. Få dagar før han blei fødd, flytta foreldra Janne Fjellheim Sætre og Åsmund Fjellheim Kvipt til familieeigedomen Kvipt. På den tida var Janne og Åsmund lærarar på sentrumsskulen i Fyresdal, 30 kilometer unna den nye bustadplassen. Borghild Margrete Sætre, mor til Janne, var på Kvipt ein sommar, og for moroskuld laga ho lefser. Folk hadde køyreturar innom garden for å sjå, og dei kosa seg med å kaupe lefser.

– Her kan det bli næring, føreslo Borghild til Janne og Åsmund. Ekteparet tok oppmodinga litt forsiktig i starten, og byrja med ei tine med lefse og kanne med kaffi i lærarsommarferien.

Det balla på seg med besøkande, garasjen blei gjort om til serveringslokale, løa blei til festsal med plass til 60 personar og det kom totalt 40 overnattingsplassar på eigedomen. Folkestraumen gav ny heilårs næringsveg for ekteparet, og lærarjobbane gjekk over i historia.

Tidleg turistvertstart
Kvipt gjestegard har satsa på kvalitet før kvantitet, plassen er eksklusiv og populær, og det er nok å gjere. Det har også sonen Olav fått merke, alt som temmeleg liten gut.

– Eg har sprunge rundt og servert sidan eg var fem år, plukka bær som blir brukt her, og fiska til måltid. Eg kan ikkje hugse ein sommar eg har hatt fri, men det er greitt. Det er artig å jobbe, tene pengar og ha noko å gjere, seier Olav.

Sjølvsagt synest han i dag at det var spesielt at ein så liten unge sprang rundt og serverte.

– Eg fekk ein del tips, og det var nok for at eg var så liten, seier han om pengane som kom i hendene frå gjestene. Ein annan ting han hugsar godt var at besøkjande på Kvipt syntest det var veldig artig at ein familie budde så langt utanfor allfarveg.

– Eg er van med at det er avsides her. Det verste er den asfalterte fylkesvegen som er så dårleg. Eg køyrer med ein 50 år gamal senka bil, og då må eg passe meg, seier Olav.

LES OGSÅ: Slik skal dei lokke fleire til gards 

Eigen sjarm  
Han har alltid lika gamle bilar, og har to av dei. Den eine, Volvo Amazon 1967-modell, bygde han og eldstebroren Kjetil om ved å bruke 45 helger fordelt på to vintrar. Bilen blei kåra til «Sveriges Snyggaste Kustom» i eit svensk magasin der om lag 500 Volvo-bilar deltok i tevlinga. Fyrstepremien kunne Olav kaupe bildelar for. Kjekt å ha for ein som er meir enn gira på gamalt.

– Veldig kult, seier den norske vinnaren av den svenske biltevlinga.

– Det passer med gamle bilar på Kvipt. Det er ein eigen sjarm med slike bilar, og det er det på eigedomen også. Derfor vil eg bu her i framtida på ein plass eg kan halde på med dei gamle bilane, seier Olav, om ein grunn til å bli verande som innbyggjar i ei grend som er redusert til bare åtte innbyggjarar.

Så kjem han til hovudgrunnen for å bli buande ute i «bushen». Forfedrane har gjennom 500 år bygd opp garden.

– Det er eg veldig stolt av. Eg vil vidareføre historia, tradisjonen og kulturen. Det er viktig. Me sit i Røykstoga, det intime serveringslokalet med sjel sikkert nok til å krydre eit kvart måltid. Olav ser bort på fleire vindaugo i det lafta bygget.

– Eg kjem bare til å gjere det gamlare her, mellom anna å ha gamle ruglete glas med meir sjel. Det er mange detaljar pappa ikkje får med seg, for han tenkjer meir på det heile og store.

Kan ikkje forklarast
Andre årsaker til å bli verande på Kvipt, er at han vaks opp der, er veldig glad i plassen og hadde ein fin oppvekst.

– Eg trivst her; bygningane og naturen. Men ikkje vegane! Der kom det med vegane igjen, men så:

– Det er noko spesielt med sjela her, det ligg i bakken og lufta. Du kjenner at det er ting som ikkje kan forklarast. Hadde du vore fødd her, hadde du skjønt det, seier han.

Birtedølen har funne ein yndlingsplass der alt har ei meining for han, og det er så mange aktivitetar å gjere. Men akkurat det at han serverte Dronning Sonja i 2006, ser ikkje ut til å ha hatt særleg innverknad på Olav.

– Kva skal eg kalle deg, spurde han Dronninga den gongen.
– Ja, bare kall meg Sonja, var svaret. Olav hugsar ikkje kva mat han gav til Dronninga.

– Eg er med på så mange og rare ting. Her må ein vere altmoglegmann, er avsluttingsorda rundt mimringa om dronningbesøket.

LES OGSÅ: Jobbar 14 timar i døgnet

Cola og sakte fart
Olav har litt meir tid til å prate, før han må ha eit avbrekk for å vise ei hjarte- og lungeavdeling av LHL i Flekkefjord til bords på løa. 40 heller eldre folk i Flekkefjord gå- og spaserforening har vandra i oppgåtte turstigar frå Setesdalen til fjellindrefileten vest i Fyresdal. Janne er snart klar med rjomegraut, men i mellomtida dukkar det opp ein eldre kar som har sett dei to gamle bilane til Olav ute i tunet.

– Har de bilsjuketablettar, spør mannen i det han kjem inn i Røykstoga. Han er ute etter førebyggingspiller før starten på bussturen dei fyrste kilometrane på tjo-og-hei-veg tilbake til Flekkefjord.
– Nei. Ta ei cola og køyr litt seinare, svarar Olav med eit lite smil før dei to byrjar å prate om gamle bilar.

Snadderprat garantert for Olav, i alle fall. Plutseleg dukkar Åsmund opp i Røykstoga, heller andpusten.

– Forbanna kvigekyr! Sist gong eigedomen hadde eigne dyr på garden var i 1999. Ein bonde i Fyresdal har for tida kyr på beite på Kvipt, men så braut nokon seg ut og Åsmund fekk ei ufriviljug treningsøkt.

– Eg er så glad i dei kyrne. Men når dei bryt seg ut er eg ikkje glad i dei. Olav ser humrande på far sin. Han har hatt sine turar ungguten også, etter kyr. Ein gong måtte Olav hente dei heilt i enden av Birtevatn. Det gjekk det au.

Ikkje sjølvsagt
Janne sveivar innom oss og fortel at det alltid har vore meininga at Olav skal ta over på Kvipt. Olav er samd. Han har to brør over 30 år, den eine etablert i Sandefjord og han andre i Oslo.

– Det har ikkje vore diskusjon om overtakinga. Ut frå evne og interesse har Olav peika seg så klart ut. I alle år har han vist interesse for plassen og det me held på med, seier Janne.

– Så drifta på Kvipt bare sklir vidare i familien?

– Ja, heldigvis. Det er ikkje sjølvsagt at nokon vil overta dette, både yrke og livsstil i ei pakke, svarar Janne

– Og det er ikkje akkurat sentralt her?

– Ikkje akkurat det, nei, kjem det frå både Janne og sonen.

– Men vegane er større problem enn avstanden, legg dei til.

LES OGSÅ: Forskar på lokal smak

Junaiten
Etter grunnskulen i Fyresdal hadde Olav tre år med studiespesialisering på vidaregåande skule i Bø. Deretter venta ei linje for turisme og leiing.

– Det eg skulle lære der hadde eg lært før. Eg var der bare eit halvt år, lærte ingen ting og tok eksamen til jol, seier Olav. Etterpå var han mellom anna blikkenslagar i Bø, og har vore både i lærarjobb og arbeidd som bilopprettar i heimbygda.  Snart ventar tre år med ingeniørutdanning i California i USA.

– Eg vil ha fleire bein å stå på, om eg blir lei her ein dag. Olav ynskjer å arbeide som maskiningeniør fram til overtakinga av Kvipt gjestegard, den dagen foreldra legg inn årene som turistvertar og byrjar pensjonisttilværet.

– Eg vil jobbe på plattform. Då får eg mykje fri så eg kan jobbe på gjestegarden. Og på plattform tener eg godt og kan kjøpe ut syskena mine. For det skal eg, og eg skal også bli turistvert på Kvipt, seier Olav.

– Aleine?

– Får sjå. Eg kan ikkje rekne med at gud og kvarmann vil flytte opp her. Men det finst nok ei, så lenge du kan oppføre deg og arbeide og sånt. Når pappa fekk det til, å få med seg dame til Kvipt, kan vel eg au.

Held føredrag
Me snakkar meir om framtida og kva som vil bli mest moro på Kvipt. Olav er rimeleg kjapp i svaret.

– Å få barn og oppfostre dei på same måte som eg har blitt. Dei skal få frie tøylar og lov til å vere kreative, slik eg fekk. Eg fekk lov til å kjøpe bil som 12-åring, ein 1959 modell Karmann-Ghia. Råsjeldan, det likar eg. Den har eg pussa opp, seier Olav om gamal bil nummer to.

– Kva blir den vanskelegaste oppgåva som turistvert?

– Det er ikkje noko vanskeleg å vere turistvert. Det er bare å vere seg sjølv, og eg kan historia så langt eg vil. Busslaster som kjem til Kvipt får høyre historiske føredrag, og ei slik oppgåve har ungguten Olav alt hatt ein del gonger.

– Du er ikkje skuggeredd?

– Nei, eg har aldri hatt noko problem med slikt.

LES OGSÅ: 19 år og gardkjøpar

Kortreist mat
Så fortset han rett frå levera med fylgjande:

– Gamle bilar, gamaldagse klede og musikk, og eg har hatt håret bakover frå eg gjekk i fjerde klasse. Ein må skilje seg ut om ein skal bli anerkjent. Det er grueleg mange kjedelege folk i verda. Eg vil ikkje vere ein av dei. Like klar er han om andre ting som opptek han i livet.

– Eg brenn for Bygde-Noreg, og stør alt som er norskprodusert. Det er viktig å stø norsk landbruk. Eg vil helst ha lokale råvarer på Kvipt, og trur folk set pris på kortreist mat. Slik som fisk frå Fyresdal-verksemda Aketun fisk, og at me serverer kjøtt frå elg skoten på Kvipt-eigedomen. Me har vore inne på det alt, innbyggjartalet i Birtedalen er ikkje lenger tosifra, men det skremmer ikkje tjueåringen.

– Hadde eg vore den einaste innbyggjaren att i Birtedalen, hadde eg budd her likevel. Det er her eg høyrer til.

Les saka i Vest-Telemark Blad!