Senterpartiet rasande på NHO

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Næringspolitikken til Senterpartiet får terningkast tre av NHO, noko partiet reagerer kraftig på.

– NHO er ikkje opptekne av interessene til næringslivet. Partibarometeret er eit bestillingsverk for å drive valkamp for Høgre og regjeringsskifte, seier næringspolitisk talsperson i Sp Irene Lange Nordahl til Nationen. Særleg målet om å trekkje Noreg ut av EØS-avtalen trekkjer kraftig ned på NHO-skalaen.

– Eg synest at haldningar til EU og EØS er eit underleg mål på næringsvenleg framferd. EU-motstanden i landet er sterkare enn nokon gong, også i næringslivet, seier Nordahl. Ho seier at Sp ynskjer å erstatte EØS-avtalen med ein handelsavtale som vil sikre næringslivet handel med EU.

LES OGSÅ: Opnar for å vrake SV og Ap

Ikkje bestillingsverk
NHO-direktør Petter Haas Brubakk nektar for at partibarometeret er eit bestillingsverk for å fremje Høgre.

– Å trekkje Noreg ut av EØS-avtalen vil vere øydeleggjande for eit samla norsk næringsliv. EØS-avtalen er avgjerande for at norske bedrifter skal kunne konkurrere på den viktigaste handelsmarknaden vår, og NHO må få lov til å meine at det å øydeleggje for handelsmoglegheitene til norske bedrifter ikkje er næringsvenleg, seier han.

LES OGSÅ: – Noreg har ikkje plass til fleire svenskar