EU ber Noreg fjerne tollmuren på ost.

NPK-NTB
NPK-NTB

EU-parlamentet oppfordrar Noreg til å fjerne tollmuren på utvalde landbruksvarer, deriblant ost.

Torsdag vedtok parlamentet ein resolusjon der Noreg blir bedt om å fjerne den nye norske tollen på produkt som ost, lam og oksekjøtt.

LES OGSÅ: Fryktar smøkrise kan verte kjøtkrise

Det vakte raseri i EU då Noreg bestemte seg for å gå frå kronetoll til prosenttoll på enkelte landbruksprodukt etter nyttår. Sjølv om tal frå dei første fem månadene i år viser at eksporten av ost frå EU til Noreg har auka med 1,5 prosent, har EUs parlament oppfordra Noreg til å gå bort frå vedtaket.

– Den norske tollendringa på visse ostetypar og kjøttprodukt er proteksjonistisk. Dette er ikkje kva unionen venta frå venner og naboar, sa EUs regionalkommissær, Johannes Hahn, då saka blei diskutert i Strasbourg onsdag kveld.

Tollendringa står i motsetning til målet til EØS-avtalen om liberalisering av handelen, sa den austerrikske kommissæren vidare. 

LES OGSÅ: EU-semje om landbruksreform

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

Kommentarar

ANNONSE