– Betre å seie ifrå, enn å la det skje

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Det hjelper å jobbe mot mobbing. Her har skulen gjort veldig mykje, dei vaksne har vorte meir synlege og viser at dei er der. Det har vorte sett lys på problematikken, og eg merkar at det har vorte betre, forklarar Silje Máret Somby.  

For nokre år sidan låg Karasjok på mobbetoppen i Nord-Noreg, medieoppslaga synte grove tilfelle av mobbing og dåverande Barneombod, Reidar Hjermann, tok turen. I 2012 var mobbeindeksen 1,2 i 7. klasse, 1,4 i 10. klasse og på vidaregåande, i fylgje tal frå UDIR. Noko som er ein klår nedgang. Men kva er det som fungerer i kampen mot mobbing? Kva kjenneteiknar skulane og lokalsamfunna som klarar å få ned tala? Og nyttar det å sei ifrå?

Kva er mobbing?
I Elevundersøkinga, som er grunnlag for mobbeindeksen, er mobbing definert slik: gjentatt negativ eller ”vondsinna” åtferd frå ein eller fleire, retta mot ein elev som har vanskeleg for å forsvare seg. Gjentake erting på ein ubehageleg og sårande måte er også mobbing.

Universitetslektor ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking, Gaute Auestad, fortel at den tradisjonelle mobbinga kan delast inn i tre grupper:

– Den fyrste er den verbale mobbinga, som utskjelling og negativt snakk. Denne mobbinga er det ein del av. Den andre forma er den fysiske mobbinga, som det er betydeleg mindre av. Den siste forma er utestenging, som er den typiske jentemobbinga.  

I Elevundersøkinga i 2012 svara 6,8 prosent av elevane at dei opplevde å verte mobba  to til tre gonger i månaden eller oftare, medan 2,8 prosent svara at dei mobba like ofte. Båe syner ein nedgang i mobbinga på landsbasis.  

Alltid mot mobbing
Ungdomsrådsleiar Silje Máret Somby frå Karasjok freista sjølv å stå opp mot noko av mobbinga.

– På ungdomsskulen var det ein del drama og utestenging, men på vidaregåande har eg merka mindre til det. Eg har alltid vore imot det, og har sagt ifrå at det ikkje er greitt, fortel ho. I ettertid er ho glad for at ho sa ifrå, sjølv om det ikkje alltid har vore enkelt.

– Mobbarane prøvde å angripe meg, men det nytta ikkje, for eg tok meg ikkje nær av det. Likevel var det gonger eg ikkje turte, held ho fram. Dette gjaldt spesielt ved den mobbinga som ikkje var så tydeleg, jentemobbinga, som ho ikkje tykte det var så lett å oppfatte.

– Det er viktig å stoppe mobbing, det er ikkje gøy for andre og folk vert såra. Så det er betre å sei ifrå enn å la det skje. Om fleire seier ifrå, kan det påverke mykje.  

LES OGSÅ: Eit reelt problem treng reelle løysingar

Også forsking syner at det er viktig at elevane står opp mot mobbing, ifylgje universitetslektor Gaute Auestad.

– Når ein spør elevar, har dei gjerne mindre tru på effekten av støtte frå medelevar enn det som er tilfelle. Elevar som seier at dette likar vi ikkje og dette er vi imot, kan absolutt hjelpe mot mobbing. Ser ein mobbing bør ein også sei ifrå til dei vaksne, forklarar han. Samstundes understrekar han at elevane må gjerast bevisste på kva mobbing er og kor vondt det kan vera, for å ha kunnskap om kva dei kan gjere.  

–Det trengs bevisstgjering for å få alle elevar mot mobbing. Då vert sjansen større for at dei ikkje vert medhjelparar. For dei som ikkje mobbar kan også vera passive deltakarar, ved å gje mobbarane kjensla av at dette eigentleg er ok.  

LES OGSÅ: Laga musikkvideo mot mobbing

Foreldre og lokalsamfunn
Fokuset på mobbing i Karasjok og at Barneombodet vitja kommunen, merka Somby at påverka fleire enn skulen.

– Foreldre vart gjort obs på det og har snakka meir om det, for ein snakkar jo gjerne om aktuelle tema heime.

For foreldre og lokalsamfunn har ei rolle i kampen mot mobbing.

– Ein treng foreldre og andre som bryr seg, og er gode førebilete. Dette handlar om respekt og om korleis ein opptrer overfor andre. Måten ein omtalar andre på pregar dei som veks opp, forklarar Gaute Austevoll.

LES OGSÅ: Mobbar og mobbeoffer 

Tredelt løysing
Storparten av arbeidet mot mobbing skjer i skulen, og her peikar Gaute Austevoll på systematisk arbeid som suksessfaktor.

– Den generelle tendensen, er at ein lukkast om heile organisasjonen er med og dreg i same retning.

Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking har sidan 2003 drive Zeroprogrammet, der omlag 400 skular over heile landet har delteke og forplikta seg til å arbeide aktivt mot mobbing.  Gaute Austevoll peikar på at skulane må jobbe med både førebygging, avdekking, og gode strategiar når mobbing skjer.

 – Godt førebyggande arbeid handlar om å ha eit triveleg miljø, med vaksne som bevisst har eit godt forhold til alle elevar og om gode relasjonar i klassane. Avdekkinga handlar om å fange opp mobbing tidleg. Dette er vanskelegare enn ein skule tru, fordi både mobbar og offer heldt det skjult, mobbarane er redde for straff og offera kan vera redde for represaliar, forklarar han. Her trengs både tilsyn og blikket til kvar einskild lærar.

LES OGSÅ: Fire av ti skular har ikkje gjort mobbevedtak

Når mobbinga er avdekt, handlar det om å få oversikt over kva som skjer og få offeret til å fortelje si historie. Vedkommande må då få bodskapen om at no tek skulen ansvar. Mobbaren må både få beskjed om at mobbing er heilt uakseptabelt, og samstundes handsamast med respekt – ein må skilje mellom person og åtferd.

– Med mobbaren må det gjerast fortløpande avtale om endring over tid, og det er her det går feil i mange tilfelle. Mobbing stoppar ikkje ved ei utblåsing, forklarar universitetslektoren. Han peikar også på at arbeidet mot mobbing kan vera utfordrande, mellom anna fordi det kjem saman med alle dei andre oppgåvene skulen har.  

–  Det er høge målsettingar på området, men i motsetnad til målsettingane i matte og engelsk, er det ingen lærebøker å fylgje. For å lukkast må skulane fylgje opp, og arbeidet må skje over tid, avsluttar Gaute Austevoll.   

Kva meiner du bør gjerast i kampen mot mobbing?