Høgre opp og Ap ned

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgre opp på og Ap ned

Målinga syner at det borgarlege fleirtalet i Noreg er solid. Høgre går fram med 3,5 prosentpoeng og får med det 34,1 prosent. Det er den høgaste oppslutninga sidan februar. Samstundes går Arbeidarpartiet tilbake med 3,2 prosentpoeng til 28,4 prosent, og er såleis ikkje størst i landet lenger, syner TV 2-målinga.

Sosialistisk Venstreparti er for andre månad på rad under sperregrensa, med 3,9 prosent, ein liten framgang på 0,1. Bakgrunnstala syner at berre 33 prosent av SV-veljarane frå 2009 framleis støttar partiet. Nesten kvar fjerde SV-veljar har forlate partiet til fordel for Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt. Senterpartiet går tilbake 0,4 prosentpoeng til 4 prosent, medan Framstegspartiet går tilbake 1 prosentpoeng til 14,5 prosent. Venstre bykser fram med 1,9 prosentpoeng til 5,1 prosent, medan Kristeleg Folkeparti går fram 0,8 prosentpoeng til 4,5 prosent. 

LES OGSÅ: Ville laga betre skuleløysingar

Mandat til Raudt
Mandatutrekninga syner at Høgre får fleirtal på 90 mandat saman med Framstegspartiet, medan Høgre, KrF og Venstre har 81 mandat. Den raudgrøne regjeringa får berre 60 plassar på Stortinget til saman, noko som er 26 færre enn dei tre partia har i dag. Miljøpartiet Dei Grøne får den høgaste oppslutninga nokon gong på stortingsmålingane til TNS Gallup for TV 2 med 2 prosent, men det er ikkje nok til eit mandat.

Ifølgje utrekningane til TV 2 manglar Dei Grøne 47 røyster for å kapre eit mandat i Oslo. Raudt får lågare oppslutning med 1,9 prosent, men kaprar likevel eitt mandat i Oslo på denne målinga. Feilmarginen på målinga er mellom 1,4 og 2,8 prosentpoeng, og er størst for dei største partia.

LES OGSÅ: Svolt rokkar din politiske ståstad