Fann urgamal elg

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fann urgamal elg

Det er ikkje kvar dag det dukkar opp ukjente helleristningar på Austlandet.  

– Eg vart litt paff. Vi har jo vore her oppe i 34 år og jobba, men eg forstod jo at det var ei stor helleristning då eg begynte å koste bort mosen på berget, seier Janson.

Sjølv om han ikkje legg skjul på at det er ekstra gjævt at elgen dukka opp i hans eigne heimtrakter, synest han det viktigaste er det dei urgamle «teikningane» kan lære oss om forhistoria.

LES MEIR: Svolt rokkar ved din politiske ståstad

Janson meldte frå til fylkeskommunen, som sette arkeologen sin, Lars Hovland på saka. Og Hovland kan bekrefte at funn som dette slett ikkje er daglegdagse.

– Denne elgen er 8.000 år gammal, og sidan 1970-talet er det berre dukka opp eit par nye helleristningar frå denne perioden på Austlandet.

Og det er ikkje berre alderen som er imponerande. Med ein lengd på 4 meter er Lier-elgen meir ein dobbelt så stor som Åskollen-elgen. Han var 1,8 meter og vart inntil nyleg rekna som den største helleristinga av elg frå eldre steinalder. Men sjølv 8.000 år gamle rekordar kan altså stå for fall før ein veit ordet av det.

LES MEIR:– Ville du funne deg dame på sukker.no?