I dag opnar Jordeplerock. Blant dei frivillige er Liv Signe Navarsete.

Sogn Avis/Camilla Skjær Brugrand
Sogn Avis/Camilla Skjær Brugrand

Teamet bak den nyoppstarta festivalen i potetbygda Lærdal har over lenger tid arbeida hardt for å få programmet spikra og klart til festivalstarten i dag, fredag.

Liv Signe bidreg
– Me er glade for at personar i høgare stillingar har meldt seg som frivillige under festivalen. Alle ledd i kommunen er med på å bidra, noko som er viktig for heilskapen. Særleg stas er det at Liv Signe blir med, seier informasjonssjef Synnøve Askeland.

I tillegg til Navarsete vert varaordførar Geir Berge Øverland å finna i serveringa, medan rådmann Alf Olsen Jr er tryggleiksvakt. Ordførar Jan Geir Solheim vera med på bongsalet og fylkesordførar Åshild Kjelsnes skal òg bidra til diverse under festivalen.

LES OGSÅ: Største kulturfestival for ungdom

Ideen om ein lokal festival starta for om lag to år sidan og har sidan då blitt utvikla av sju ungdomar frå Lærdal.

– Me ynskjer å skapa liv i bygda vår og meiner at dette arrangementet kan vera med på å trekkja folk til Lærdal i tillegg til at det er kjekt for lokalbefolkninga at det skjer noko om sommaren. Sjølvsagt håpar me på at dei fleste lokale kjem. I tillegg veit me at ein del folk frå nabokommunane kjem til å ta turen. Fleire turistar har synt interesse for Jordeplerock og sagt at dei ynskjer å ta seg ein tur innom. Me har òg fått beskjed at det kjem ein full- stappa buss frå Bergen som kjem for å få med seg Gunslingers, seier Askeland.

Festivalcamp
Det er allereie fleire som har sikra seg billettar til helgas festlegheiter og særleg populær er ungdomsbillettane som ein kan få kjøpt dersom ein er mellom 16 og 20 år.

– Mange har skjønt at det løner seg å kjøpa billettar på nett. Dette gjer det mykje enklare for oss og for kvar enkelt. Vårt realistiske mål er at det kjem om lag 1.000 menneske innom festivalen, og me håpar sjølvsagt på at fleire enn 600 kjem til å koma. Me har sett opp festivalcamp på marka ved Løytnantsbrygga og av tilbakemeldingar kjem det til å komma opp mot 20 bilar med campingvogn. Det er òg moglegheit for å ha med seg telt og setja opp det òg, seier Askeland.

LES OGSÅ: Forvirring i skolesekken

For alle
Festivalen startar fredags ettermiddag og då kan ein få med seg blant anna lokalgruppa Rhyolite, Olav Stedje, Lærdalsbandet Longhorn og Gunslingers. På laurdagen vert det arrangert traktorparade med lokale traktorentusiastar, musikk og domarpanel. På kvelden spelar Daven Belfry Band, Heimalanne’, Nrwy, Dj Broiler og The Huskies.

– Det vert ei blanding av country, rock, folkeleg, techno og disco musikk. Me ynskjer å treffa ulike målgrupper så her skal det vera noko for kvar ein smak, seier Askeland.

Les heile saka i Sogn Avis!

LES OGSÅ: Fridom og galskap

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE