Transformatoren

Øystein Espe Bae
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kallar meg ofte det nye ordet "transmann", for å streke under at eg er ein mann. Når eg då får spørsmål om eg "eigentlig" er ein mann, er det vanskeleg for meg å svare. Siktar dei med ordet "eigentleg" til korleis eg opplever meg som mann, eller til om eg har mannlege kjønnsorgan?

– Nokre gongar får eg også spørsmålet "Puler du som ein mann?". Kva meiner dei då med ordet "pule", og kva er ein "mann", og kva ligg i ordet "som"?

Den "rette" måten?
Luca Dalen Espseth har skapt reaksjonar med sine brutalt ærlege utleggingar om sin eigen transseksualitet, seksuelle utanforskap og vegen mot å bli mann, ein prosess som vert skildra både i bloggen Bestmedbart og i P3-dokumentaren "Mann uten Penis" frå tidlegare i år.

– Det finst mange måtar å undertrykke kjønn på. Seier ein "homo", så kritiserer ein menn for å ikkje vere maskuline nok. Å kalle ein gut for "jente" eller "jentegut" eller å kalle ei jente for "gut" eller "gutejente",  er alle døme på språkleg utdefinering.

– Eg har opplevd alle desse måtane å slenge dritt på, inkludert skjellsord som shemale, transehore eller hore. Det er normative ord som seier noko om kva som er den "rette" måten å utøve kjønnet ditt på, analyserer Luca.

– Før var eg dårleg til å leve opp til den kvinnelege kjønnsrolla. No derimot, er eg dårleg til å leve opp til den mannlege, humrar han.

– No får eg andre typer skjellsord retta mot meg, medan faktum er at i praksis så handlar eg på akkurat samme måten no som før. Det blir berre tolka på ein annan måte, med andre forståingssrammer, fordi eg no kallar meg "mann".

LES OGSÅ: Skeiv litteratur til folket!

Frå "ho" til "han", men utan penis
Eksiltrønderen med dun på overleppa er kort av vekst, men har alltid kjent seg som ein mann , sjølv om omverda har påpeikt det openbare faktumet at han ikkje har penis. Akkurat det har ikkje hindra han i å gjere som han vil.

For nokre år sidan skifta han namn til det kjønnsnøytrale "Luca", og insisterte på at det som før var "ho", no vart omtala som "han". Etter ein omstendeleg prosess har han endt opp med å gjennomføre det som vert kalla "kjønnsbekreftande behandling" på Rikshospitalet, ein transformasjon Luca omtalar som ein like stor språkleg og sosial overgang, som biologisk.

Med påfyll av mannlege hormonar endra han kroppsform, fekk skjegg og begynte å trene. I dag vert han oppfatta som mann i det sosiale livet, men blir likevel konstant utdefinert frå samfunnet gjennom språket.

– Problemet er at for samfunnet kan eg eigentleg ikkje tilhøyre den språklege kategorien mann utan å ha penis. Difor blir eg fullstendig usynleggjort og ekskludert – utan at ein får ein ny stad eller kategori å eksistere i, held han fram.

Kvinne i passet
For mange i Luca sin situasjon, er det kvart menneske si eiga oppfatning av sin eigen eksistens som er det mest grunnleggjande og definerande. Han strekar under at hovudproblemet er at både kvinner og menn blir biologisk og juridisk definert ut frå sine kjønnsorgan åleine.

– Det medisinske og juridiske språket legg veldige sterke føringar for politikken Noreg fører ovanfor folk med avvikande kjønn.

– Eg er juridisk sett "kvinne" i passet. Dei språklege kategoriane hindrar såleis mi evne til å delta i samfunnet på lik linje med andre. Ein kan ikkje eksistere som borgar av staten Noreg utan eit juridisk kjønn. Det som står trykt på papiret passar meg ikkje, seier Luca, som ikkje kjem seg gjennom utanlandske passkontrollar dersom han ser ut som ein mann.

Skinnliberalt
Til vanleg studerer Luca kjønnstudier på universitetet i Oslo. Han handlar dagligvarene sine i eit urbant nabolag, der leik med identitetar er regelen heller enn unntaket, og der menn gjerne nappar augebryna, framhevar det "feminine" i seg og på andre måtar viskar ut gamle kjønnsroller.

For nokre, som Luca, vert samfunnet sine jamt over liberale haldningar likevel ikkje opplevd som tilstrekkeleg prinsipielle på det juridiske plan.

– Vi opnar gjerne opp for at den sosiale kategorien "mann" kan innehalde mange ulike former, men den juridiske definisjonen tek uansett for gitt at ein har penis, påpeiker Luca.

– Alt som ikkje let seg enkelt kategorisere må ein jo forholde seg til på ein eller annan måte. Anten ved å gi det ein eigen språkkategori, eller ved å forkaste det som noko ein ikkje ønskar, til dømes ved å presse avvikande kjønn i ein allereie eksisterande språkleg kategori. At legane går fysisk inn og endrar kroppane til folk ein ikkje kan kategorisere biologisk som "mann" eller "kvinne", folk som er født som "intersex", er ekstremt problematisk for mange sine liv, meiner han.

LES OGSÅ: – Helvete sel ikkje

– Avhengig av å høyre til
Likevel har Luca valt å endre på kroppen sin, slik at den betre passar inn i samfunnets forståing av kva som er ein mann.

–Å endre kroppen min slik at eg blir rett språkleg plassert av omverda handlar om at eg i samfunnet er avhengig av å tilhøyre språkkategorien mann, vedkjenner han.

For å kvalifisere til kjønnsbekreftande behandling på Rikshospitalet, måtte Luca i laupet av eitt år gjennomføre regelmessige samtalar med eit strengt medisinsk vurderingspanel, som vanlegvis avslår 80 prosent av alle søknader som kjem inn av denne typen.

– For å få aksept for mi oppfatning av mitt eige kjønn og identitet, rakk det ikkje å berre seie "eg er mann". Eg følte eit problematisk og uuttalt press om å seie at kroppen min kjentest "feil" og at eg ønskte ein typisk maskulin og heterofil identitet i samfunnet, også utsjånadmessig.

Skil ikkje mellom kropp og sjel
Det var ikkje ei utfordring for Luca å skjøne kva som var dei "rette" måtane å formulere seg på for å vinne retten til kjønnsbekreftande behandling. Problemet låg i at han med dette reproduserte dei eksisterande medisinske forståingsformene, som ikkje opna opp for alternative måtar å forstå kjønn på.

– Samfunnet har alltid lagt eksistensen av berre to kategoriar, "mann" og "kvinne", til grunn for biologiske undersøkingar av kroppen. Så har ein brukt dei biologiske funna etterpå til å påstå at det er biologien som har lagt føringar for korleis språket er. Noko som igjen har legitimert ei anten-eller-forståing. Då har ein sjølvsagt i neste omgang kome fram til vitskapelege resultat som viser at det finst to kjønn, og ingenting anna.

– Blant transfolk i Noreg er det såleis ei vanleg sjølvforklaring at ein er "født inn i feil kropp", men eg synest dette viser til eit skilje mellom kropp og sjel som både er psykologisk problematisk og filosofisk umogleg.

LES OGSÅ: – Verdas største utfordring

Potensiell helserisiko
For Luca har det å falle mellom to språklege kategoriar vore ein potensielt stor helserisiko. Når han går til helsevesenet for å teste seg for HIV, så møter han motstand, fordi han vert kategorisert som ei kvinne som har sex med menn, ikkje som ein mannleg homofil som har analsex med ein annan mann, noko som automatisk hadde kvalifisert til å ta HIV-test.

– Det kan ha drastiske konsekvensar for helsa mi dersom eg er nøydd til å krangle for å få lov til å ta HIV-test. Dei mennene eg har sex med er ikkje heterofile menn, så alle skjønar jo at eg tilhøyrer samme risikokategori som homofile menn, sjølv om eg er ei "kvinne" i juridisk språkbruk, seier han.

–Burde vere politisk lett å inkludere
Luca held fram at det må ei synleggjering av trans som fenomen til for å få ei systemendring på toppen, noko han er tydeleg på at han sjølv er med på å skape. Men i tillegg legg han press på systemet i seg sjølv, og etterlyser større politisk vektlegging av problematikken.

– Eg ønsker at dei som kjem til makta i neste val inkluderer og omtalar transseksuelle på ein meir nyansert måte. Folk burde sjølv få lov til å definere sitt juridiske kjønn, uavhengig av korleis kroppen deira ser ut, meiner han.

– I Noreg så burde det vere lett, uavhengig av partipolitisk verdisyn, å både rettferdiggjere og inkludere transpersonar gjennom politiske vedtak. Venstresida, med sitt inkluderande og samfunns- og gruppeperspektiv, og høgresida, med sine tankar om individuell fridom, opnar begge opp for dette på kvar sin måte. Er det ikkje ganske lett å argumentere for fridomen til transfolk uansett kva side av politikken du er på, undrar Luca.

LES OGSÅ: – Eg er eigentleg ikkje så glad i ordet syndrom