1300 bidrag i Twitter-tevlinga «Nynorsk i 140!».

mm

Magne Velle er vinnaren av den tredje runden av den nynorske Twitter-novellekonkurransen #nynov. Han utmerkte seg med ei mininovelle henta frå skogen.

– Han har skapt eit naturmotiv som er lett å kjenne att og som forgreinar seg langt inn i kvardagsrøynslene til folk, meiner juryen, med mellom andre røynde tvitrarar og forfattarar som Vidar Kvalshaug, Kristine Tofte og Per Roger Sandvik.

Temaordet for runden var «tre», som vart tolka på mange vis av ivrige tvitrarar. Elles stod deltakarane kunstnarisk fritt, innanfor ramma på 140 teikn, og med emneknaggen #nynov. Magne Velle, alias @mvelle, frå Naustdal i Sunnfjord gjekk heilt til topps med dette bidraget:
«Det gjekk eit sus gjennom skogen
Då to av tretoppane barka saman.
Heldigvis var det berre vinden
Som spela dei eit pust.»

Konkurransen vert arrangert av Deichmanske bibliotek i Oslo i samband med Språkåret 2013, og skal gå over eit heilt år med seks rundar. Vinnaren av kvar runde får ei fritt vald bok frå katalogen til Samlaget.

LES OGSÅ: Nynorsk i 140

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

Kommentarar

ANNONSE