SV lovar gratis skulemat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sosialistisk Venstreparti lovar at alle barn frå første til tiande klasse skal få skulemat i den kommande fireårsperioden. I partiprogrammet for 2005 kravde SV at alle skular skulle leggje til rette for skulemåltid, og at eit slikt tilbod må vere gratis. No plukkar partiet fram skulematforslaget igjen og finpussar det. SV vil i neste stortingsperiode etablere ein pott som skular som ønskjer å tilby gratis skulemåltid, kan søkje på, skriv Aftenposten.

Budsjettrammen inneber at SV set av cirka 15 kroner dagen per elev. Dei fleste skulane kjem til å tilby brødmat og pålegg, trur partiet.

– Vi har hatt skulemat høgt prioritert. No er tida inne for å få gjennomslag i Soria Moria 3, seier partileiar Audun Lysbakken.

Han ønskjer ikkje å seie om skulemat blir eit ultimatum for ei eventuell Soria Moria 3-erklæring. Men han legg til at denne gongen skal partiet få det til. (©NPK)

Kva synest du? Er det på tide at elevane får mat på skulen?