Vil ha full røykjestopp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landsstyret i organisasjonen har einstemmig vedtatt planen som byrjar med kraftig innstramming av røykjelova og som endar i eit forbod om ti år, skriv VG.

I den første fasen med innskjerping av tobakksskadelova vil foreininga innføre 20 års aldersgrense for kjøp og sal av tobakksprodukt. Planen inneber vidare røykjeforbod på alle stader retta mot allmenta, i tillegg til i arbeidstida for tilsette i barnehage, skule og helsevesen og på stader der barn oppheld seg. Avgifter øyremerkte tiltak for røykeavvenning skal dessutan aukast.

LES OGSÅ: Island vil ha sigarettar på resept

Dersom desse tiltaka ikkje gir ønskt effekt, blir neste steg eit omsetnings- og innførselsforbod for røykjetobakk og sigarettar frå 2023.

Generalsekretær Frode Jahren forklarer dei drastiske tiltaka mot røyking med å samanlikne dødsfall i trafikken med kor mange personar som døyr av røyking kvart år.

LES OGSÅ: – Passiv røyking verre enn bilforureining

– Dersom det hadde styrta 34 fly i året mellom Oslo og Bergen, hadde vi slutta å fly. Men vi lar like mange – 5.100 menneske – døy i året, fordi dei røykjer, seier Jahren.

Han understrekar at talet 5.100 er basert på berekningar frå Nasjonalt folkehelseinstitutt. (©NPK)

Kva meiner du? Bør det bli 20-årsgrense for å kjøpa røyk og forbod mot røyking på festivalar og utandørsservering? Eller er det strengt nok som det er?