I kvinnekampens fotspor

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi skal gå rundt i flokk, sjå, lære og rett og slett ha det gøy, seier historikar Trine Rogg Korsvik. Saman med litteraturvitar Tone Brekke skal ho leie alle som er interesserte gjennom ei annleis forteljing enn den vanlege om norsk kvinnekamp. Tysdag og onsdag inviterer Senter for tverrfagleg kjønnsforsking til byvandring i Oslo.

Frå Collett til arbeidarkvinner
Ifølgje Brekke og Korsvik er det duka for ei vandring frå borgarlege feministar til arbeidarkvinner. Byvandringa skal dekke ulike tema, klasseperspektiv og periodar. Slik ønskjer arrangørane å syne korleis kvinnekamp ikkje alltid følgjer ideologiske linjer og trekkje parallellar til i dag.

Vandringa byrjar ved statuen av Camilla Collett bak Slottet.

– Kvinnekampen har sine ikon, og eit av dei er Collett. Ho har fått mykje merksemd i år, men vi vil setje fokus på kva som gjorde henne til eit symbol for kvinnekamp. Hennar arbeid for røysteretten, feminismen og dei organiserte kvinnerørslene er svært viktig, fortel Brekke.

I 2013 er det 200 år sidan forfattaren og kvinnesaksforkjemparen Collett vart fødd.

KOMMENTAR: Takk for at de har gjeve oss ei stemme!

Retten til å vere eit individ
Frå Slottet går vandringa vidare til Universitetet og Stortinget.

– I byrjinga handla ikkje kvinnekamp først og fremst om politiske rettar. I staden kjempa kvinnene om retten til å vere eit individ, som kunne tenke og skrive, framføre å sitje pent i påvente av å kapre ein mann. Dei første krava var difor at skulane skulle verte opna for kvinner, fortel Korsvik.

Då debatten om røysterett for kvinner rasa på byrjinga av førre århundre vart motstanden grunngjeven i både religion, biologi og statsvitskap. Ikkje berre streid kvinneleg røysterett mot Guds bod. Ein slik rett kunne heller ikkje sameinast med kvinneleg natur og var ikkje til gagn for staten. Omrokkeringa av kjønnsroller ville dessutan føre til oppløysing av heimen, meinte motstandarane.

Stortingsrepresentant Ole Olsen Malm oppsummerte det slik i 1913: «Å gi Kvinden stemmerett og valbarhet og gjennomføre dette system i praksis vil simpelthen være å begå nasjonalt selvmord».

– Synet på kjønn og kunnskap hindra at kvinnene fekk adgang til universiteta. Desse spørsmåla går inn i kampen for røysteretten, fordi det var dei same argumenta som vart brukt mot kvinner i universiteta, fortel Brekke.

Vandringa i kvinnekampens fotspor vil etter Stortinget gå vidare til mellom anna Mødrehygienekontoret på Egertorget og arbeidarane sin plass på Youngstorget.

– Kvinnekampen stogga ikkje i 1913. På Egertorget finn vi Mødrehygienekontoret, som gjorde ein viktig jobb for kvinner sine reproduktive rettar. På Youngstorget kjem vi til arbeidarrettar. Desse er framleis aktuelle i dag, til dømes gjennom diskusjonen om sekstimars dagen, fortel Korsvik, og legg til:

– Men no vil eg ikkje avsløre meir av vandringa. Kom, så får de sjå!

Eit museum av byen
Ved å vitje stader som symboliserer viktige etappar i kvinnerørsla si historie, vil Brekke og Korsvik syne at landskapet vi dagleg vandrar i er ein del av historia.

– Ein kan finne dei same historiene i bøker, men å oppsøke stadene gjer historia annleis. Såleis lagar vi eit museum av byen vår, fortel Brekke.

Ikkje mainstream
Førre veke var det hundre år sidan kvinner fekk full røysterett på lik linje med menn. Jubileet vart mellom anna markert i Stortinget, der stortingspresident Dag Terje Andersen (Ap) uttala at feiringa markerte den største utvidinga av demokratiet vårt i historia.

Arrangørane av byvandringa ønskjer å fortelje historier som ikkje er ein del av den vanlege forteljinga om kvinnekamp.

– Til dømes har eg funne det første innlegget som vår første kvinnelege stortingsrepresentant, Anna Rogstad, haldt på Stortinget. Det handla om løyvingar til hæren. Vi vil òg syne korleis arbeidarkvinnene frå og med 1899 arrangerte røysterettstog på 17. mai i Kristiania. Dette er ikkje så kjende forteljingar, seier Brekke og legg til:

– At kvinner vart nemnde på Eidsvoll i 1814 er heller ikkje så kjend. Grev Holstein Holsteinborg føreslo at ”Fruentimmere med eiendom” burde ha røysterett – ein danske altså!

LES OGSÅ: – Burde eigentleg halde kjeft

For alle
Brekke og Korsvik håpar mange møter opp ved Collett-statua bak slottet på tysdag eller onsdag. Dei ønskjer å nå ut til ulike grupper.

– Vandringa er for alle, og særleg håpar eg yngre elevar og studentar tek turen. Saman kan vi gjere historia levande, seier Brekke.

– Nokre kjenner historia godt. Andre har kanskje aldri hørt om Camilla Collett. Alle er like velkomne, seier Korsvik, som reknar med å bruke kring to timar på vandringa gjennom kvinnekampens historie.

Les fleire artiklar om likestilling her!