– Meir enn sju meiningar i Noreg

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi må stole meir på veljarane. I dag er partia suverene når det kjem til å bestemme kven som sit på Stortinget, det er ein låg del av veljarane som er medlem i partia og endå færre er aktive, seier Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn til Framtida.no Han ynskjer ei valordning meir lik den ved kommuneval, med høve til å gje slengjarar og bruk av kumulering.

– Desse moglegheitene vert flittig brukt, og dei har mykje å seie. Å ha dette personelementet også ved stortingsval vil vera demokratisk, held Rotevatn fram. 

I sin resultatrapport for 2013 krev LNU at Kommunal- og regionaldepartementet greier ut for høve for- og eventuelle konsekvensar av, større grad av personval og meir makt til veljarane ved stortingsval. Dei syner til forsøk frå Sverige, der fleire unge representantar vart vald inn i Riksdagen.

LES SAKA: – Dei borgarlege sviktar dei unge

7 promille avgjer
– I Noreg har veljarane ingen innverknad. Sjølv om det er høve til å kumulere og stryke kandidatar, må minst 50 prosent av veljarane på same parti i fylket gjere det same. Slik er det ingen vits i å endre lista. Det er partia gjennom nominasjonsprosessane som avgjer, og dei som deltek der utgjer 7 promille av folket, forklarar professor Frank Aarebrot.

Han legg til at statar i utgangspunktet må velje mellom val av person, som i USA og Storbritannia, eller val av parti som Noreg og grannelanda våre. Finland har derimot ei ordning med val av både person og parti, der alle partia og alle kandidatane står på ein stemmesetel, og det i teorien er høve til å på berre ein kandidat.. Slik har veljarane større høve til å påverke kven som hamnar i den Finske Riksdagen.

Valordninga ved kommuneval er derimot særs forskjellig, frå den ved stortingsval.

– Kommuneval er fordekte personval, der at veljarane gjev personstemme på listene. Med denne metoden kan ein ha meiningsfulle val med berre ei liste, forklarar Aarebrot.

Mangfaldet
Sveinung Rotevatn fryktar ikkje for mykje personfokus med større personpåverknad.

– I dag kjenner veljarane i liten grad representantane sine. Om dei i større grad kjenner til personane dei stemmer på, vil det også styrkje mangfaldet innanfor partia. For det er ikkje sju meiningar i Noreg.

Rotevatn trur meir personval vil gagne politikarar med stort folkeleg nettverk, men også ungdom.

– I kommunevala får ungdom mange personstemme. Generelt vil aktive politikarar tene på dette, medan dei som berre sit stille og lar valet gå sin gang vil tape.

LES OGSÅ: Tøffe nominasjonskampar for AUF

Skeptisk
AUF-leiar Eskil Pedersen tapte sjølv nominasjonen til tredjeplassen på stortingslista til Telemark Ap. Likevel er han skeptisk til auka bruk av personstemme ved stortingsval. Han presiserer at partiet ikkje har hatt nokon stor debatt om saka. Han trur ungdom kan tape stortingsmandat med endringar i valordninga. Då dei i dag gjerne hamnar på kampplass på listene, og dersom ein gjev personstemme til folk i same aldersgruppe vil det få konsekvensar sidan ungdom nyttar stemmeretten i mindre grad enn eldre veljarar.

– Eg trur ikkje høve til personstemme vil få positive konsekvensar slik det er i dag. Fokus på sakene er noko av det som er bra med norsk politikk, og vi tren ikkje mykje meir personfokus. Eg trur heller ikkje høve til personstemme vil auke valdeltakinga,  seier Pedersen. Han trur dei som nyttar høve til kumulering ved kommuneval, er dei som allereie er aktive og gjerne partimedlem.

Er det problematisk at så få avgjer kven som står på listene?
– Vi kan sikkert opne opp nominasjonane noko, leiarvalet i SV var jo eit spanande døme på dette. Samstundes er vi som er aktive i partia veldig representative med ulik alder, bakgrunn og kjønn, vi er jo heilt vanlege folk. Påverknad i nominasjonane er også eit godt insentiv til å engasjere seg partipolitisk, ein bør få meir innverknad ved å engasjere seg i eit parti, avsluttar AUF-leiaren.

LES OGSÅ: – Grå menn i dress gjev ikkje best politikk

Konsekvensane
Frank Aarebrot trur større grad av personval vil gagne lokale storleikar og kjendisar, kanskje også profilerte nominasjonstaparar. 

– Ein kan tenkje seg høgprofilerte politikarar med tap i ein nominasjon, som tenkjer at dei er så kjente at dei vert valt likevel og seier ja til ein plass lenger ned på lista, forklarar Aarebrot. 

Vil større grad av personval føre til betre ungdomsrepresentasjon?
– Kanskje ungdom stemmer på ungdom, men samstundes vil gamle like gjerne stemme på gamle. Ordninga i Finland gav kvinner innverknad tidleg, og på 50- og 60-talet var det landet med flest kvinner i parlamentet, held han fram.

Aarebrot peikar også på at meir personval vil ha avgrensa verknad, på grunn av den strenge partidisiplinen på Stortinget. 

– I Noreg har vi sterk partidisiplin, og det er få sakar der representantane får stemme som dei vil. Slik sett spelar personane mindre rolle, avsluttar Frank Aarebrot.

Kva meiner du? Bør det bli lettare å gje personstemmer i stortingsval?