Kan bli slutt på god kaffi

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjukdommen kaffirust – ein type sopp – er i ferd med å bli ein epidemi i Sentral-Amerika denne sommaren. Dette kan truga livsgrunnlaget for fleire hundretusen bønder og kaffien til fleire millionar kaffidrikkarar.

Etter den siste kaffibløminga, er kaffirust funne over meir enn halvparten av kaffiområda som strekk seg frå Guatemala gjennom Honduras, El Salvador, Nicaragua, Costa Rica og Panama, melder nettstaden Wired. I desse områda har dei spesialisert seg på arabica-kaffiplanter. Arabica-kaffien gjev den beste kaffien, medan den meir hardføre robusta-kaffien er billegare og blir blanda saman med arabica i det meste av billegg kaffi.

Varme og kraftig regnvêr får skulda for problemet med kaffirust.

– Det er kaffi med høg kvalitet som vil bli dyrare og vanskelegare å få tak i, seier Peter Giuliano i den amerikanske foreininga for kaffispesialitetar til Wired.

LES OGSÅ: Færre trafikkulukker med kaffi

Kan bli utrydda om 70 år
Ifølgje ein studie frå botanikarar ved Royal Botanical Gardens i Kew i England i vinter, kan ville arabicabønner bli utrydda av klimaforandringar innan 70 år.

Det genetiske mangfaldet i bønnene som blir brukt til masseproduksjon på plantasjar er mykje mindre enn det ein finn vilt, åtvarar forskarane. Genane frå dei ville arabica-bønnene kan vera viktige når ein vil forbetra robustheita og andre eigenskaper ved avlingane.

Kaffibønnen arabica blir i dag brukt i kring 70 prosent av all kommersiell produksjon. Arabica-kaffiplanter veks hovudsakleg vilt i det sørlege Etiopia, men blir no dyrka i store mengder i Mellom- og Sør-Amerika og Indonesia.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!