Åtvarar mot å slå hundekjeks

Det hjelper ikkje å slå hundekjeks for å bli kvitt ugrasverstingen. Pløy opp enga og sprøyt om hausten, oppmodar forskar ved Bioforsk. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Kutting berre stimulerer planta, forskar Kirsten Semb Tørresen ved Bioforsk Plantehelse. Sidan planta spreier seg gjennom røtene, kjem hundekjeksen berre sterkare att om han blir kutta.

Nettsidene til instituttet fortel at Bioforsk i fire år har forska på korleis hundekjeksen kan kontrollerast. Forskarane har mellom anna funne ut at det ikkje trengst noko heil rot for at det skal veksa opp nye planter.

LES OGSÅ: Norske bønder lagar mindre mat

– Når vi veit at plantene berre spirer frå ein del av rota, kan vi fjerna den delen. På små område kan vi luka og fjerna dei fem øvste centimetrane. På større område kan vi pløya ned den delen. Snur vi jorda og grev plantene ned, er det vanskelegare for dei å koma opp, seier Tørresen. Forskarane rår elles bøndene til å sprøyta med ugrasmiddel om hausten. Dyr som beitar kan òg hjelpa til å halda hundekjeksen nede.

LES OGSÅ: Økologisk landbruk mest lønsamt