Vil ha teiknspråk valfag

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skjønar du teiknspråk?

At fleire skal lære teiknspråk har vore ei viktig sak for Norges døveforbund i lang tid. Ifølgje Frp, som har fremma forslaget om teiknspråk valfag, bur det 400.000 hørselshemma og 4-5000 døve personar her til lands. Forslaget var oppe i Stortinget fredag, men vart ikkje vedteke.

TA QUIZEN: Språkdirektørens teiknspråkquiz

Stengjer døveskular
Frå 2014 skal tre av landets fire statlege døveskular stengjast. Det betyr at døvemiljøet vert enda meir oppstykka enn det er i dag, noko som gjer det enda viktigare for døve og hørselshemma å kunne kommunisere godt med høyrande.

– Me skulle gjerne sett at alle lærte teiknspråk allereie frå fyrste klasse, men Rom vart ikkje bygd på ein dag og dette tiltaket er eit langt steg i riktig retning, seier Bjørn Kristiansen, leiar i Norges døveforbund.

– At alle får tilgang til å lære teiknspråk vil gje ein større grad av aksept for at det faktisk er ei fullverdigspråkform, som det er viktig å ta vare på, meiner Kristiansen.

LES OGSÅ: Døve Per Kristian skal bli snikkar

Lite sosial fritid
Leiar i Døveforbundet sin ungdomsorganisasjon (NDFU) Ingvild Skjong Larsen har gått på skule saman med høyrande. Ho har måtte kommunisere mykje ved hjelp av penn og papir.

– Det er kjent at det er mange døve og hørselshemma elevar, også på ungdomstrinnet, som kjenner at dei ikkje er ein naturleg del av skulen og som føler seg meir eller mindre ekskludert på fritida, skriv Larsen i ein e-post.

Ho kan fortelje at fleire døve og hørselshemma tykkjer det er vanskeleg å vere med på sosiale fritidsaktivitetar, utan at det er andre døve der. Ho meiner at eit slikt tiltak er spesielt viktig fordi det kan føre til betre integrering i samfunnet.

Larsen er skuffa over at det ikkje er vedteke og meiner at politikarane har for lite kunnskap om emnet.

– Uavhengig av talet på døve er det alltid ein fordel om fleire rundt personen lærer teiknspråk, meiner Larsen.

LES OGSÅ: – Døve har like mykje glede av musikk

Viktig med kompetanse
Leiar i Språkrådet Arnfinn Muruvik Vonen ar oppteken av at teiknspråk skal verte betre kjent i samfunnet. Han vonar at fleire snart vil sjå teiknspråk som eit fullverdig språk, som kan lærast som eit tilleggsspråk, på lik line med andre språk. 

Språkrådet har nyleg fått ein eigen teiknspråkrådgjevar. I år kom òg Teiknspråkpakken, som er eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, Språkrådet og Norges Døveforbund.

– Eg plar seie at det er fire skritt i riktig retning, seier Vonen, og viser til dei fire tiltaka i pakken.

Eit av tiltaka er at til hausten startar det opp tre prøveprosjekt der høyrande elevar på skular med mange døve og hørselshemma skal få høve til å lære teiknspråk. Eit anna er å gje midlar til lærarar, som ynskjer å lære teiknspråk. Norsk teiknordbok skal styrkast og det skal utviklast retningslinjer for kva kravet om munnlege ferdigheiter i norsk har å seie for elevar som er avhengige av teiknspråk.