Éin av ti ungdomsskular har berre eitt valfag

– Ikkje bra nok, meiner Elevorganisasjonen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det er absolutt ikkje bra nok. Elevar er ulike og har ulike interesser, valfaget kan gje elevar mykje motivasjon om dei får noko som passar seg. Difor burde det vore fleire fag å velja i.

Det seier leiar for Elevorganisasjonen, Madelen Kloster, til Utdanningsnytt.

Populært med fysisk aktivitet

Valfag i ungdomsskulen

  • Fysisk aktivitet og helse
  • Produksjon for scene
  • Friluftsliv
  • Design og redesign
  • Innsats for andre
  • Teknologi og design
  • Trafikk
  • Medium og kommunikasjon
  • Programmering
  • Idear og praktisk forsking
  • Internasjonalt samarbeid
  • Reiseliv
  • Kulturarv
  • Demokrati i praksis
  • Praktiske handverksfag
  • Utvikling av produkt og tenester

Dei har fått tal frå Utdanningsforbundet som viser at over halvparten av elevar på ungdomsskulen tek eitt av dei tre største valfaga: fysisk aktivitet og helse, friluftsliv og innsats for andre.

Heile 43 prosent av gutane vel fysisk aktivitet, noko som kan ha samanheng med at dei fleste skular har dette tilbodet.

Totalt er det 16 ulike valfag for elevar på 8.–10. trinn, men ikkje alle skular har mange tilbod.

I tillegg til dei praktiske valfaga skal elevar ha opplæring i anten arbeidsliv, framandspråk, eller fordjuping i anten norsk, engelsk, matematikk eller samisk.

Friluftsliv er eit populært valfag i ungdomsskulen.

Pliktar å tilby to valfag

Kommunen har ansvar for at skulen tilbyr to av dei nye valfaga. I snitt gjev skulane opplæring i fem ulike valfag, men 9 prosent av skulane har berre opplæring i eitt av dei 16 valfaga.

Elevorganisasjonen er opptekne av at elevane skal ha meir valfridom.

– Me ser spesielt at det er behov for valfag som kan vera meir praktiske, slik at elevane som blir demotiverte av tung teori får eit avbrekk. Men aller helst vil me at alle ungdomsskular skal ha eit breitt utval av valfag, seier Kloster til Utdanningsnytt.

Statssekretær: – Kommunane som bestemmer

Framtida.no har fått svar på spørsmål på e-post frå statssekretær i Kunnskapsdepartementet Synnøve Mjeldheim Skaar (Ap).

– Kva seier de til at 9 prosent av skulane berre tilbyr eitt valfag? 

– Det er krav til alle skular om at elevar i ungdomsskulen skal få tilbod om minst to valfag. Me forventar sjølvsagt at alle skular fylgjer regelverket. Regjeringa vil at elevane skal få meir praktisk læring i alle fag, og valfaga er viktige bidrag til å gjera skuledagen mindre teoritung og stillesitjande. Å få ta eigne val ut frå eigne interesser fremjar òg betre trivsel og læring, skriv ho til Framtida.no.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Synnøve Mjeldheim Skaar (Ap).

– Kva vil de gjera for å sikra at kommunane gjev ungdomsskuleelevane minst to valfag?

– Regjeringa er heilt einige med Elevorganisasjonen om at skulen må bli meir praktisk og variert, slik at elevane kan læra meir og trivast betre. Difor la me før sommaren fram ei stortingsmelding der me mellom anna vil gi skulane meir utstyr, betre lokale og auka kompetanse. Me føreslår òg at elevar på 5. til 7. trinn skal få valfag. Det er ikkje mogleg i dag.

– Kva bør elevar gjera om dei ikkje får det valfaget dei ynskjer? 

– Det er kommunane, som er skuleeigar, som bestemmer kva valfag kvar enkelt skule skal tilby og korleis plassane skal fordelast dersom ikkje alle kan få førstevalet sitt oppfylt. Det er mogleg å byta valfag kvart år dersom ein ønskjer det, svarar ho på spørsmålet.