Dette er årets teiknspråkteikn

Språkrådet har kåra «IKKJE-BINÆR» til årets teiknspråkteikn.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

I arbeidet med kåringa av årets teikn 2023 blei publikum oppmoda til å sende inn forslag. Dette kunne vere teikn dei meiner har prega 2023, eit teikn som var nytt for innsendaren dette året, eller eit teikn som innsendaren tykkjer var særleg spennande.

Juryen landa på å kåre «IKKJE-BINÆR» som årets teikn, eit omgrep som tyder at ein person ikkje identifiserer seg med noko kjønn.

Teiknet er sett saman av teikna for «IKKJE» og «KNYTT-TIL». Etter det juryen har observert er munnbiletet «ikk binær», noko som blir rekna for å vere heilt nytt.

Fjoråret var tydeleg prega av identitetsdiskusjonen, noko som har gitt omgrepet interseksjonalitet ein ny dimensjon i teiknspråksamfunnet.