– Burde eigentleg halde kjeft

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Om du synes rumpa di er stygg, tør du ikkje stå framfor folk å snakke, sa Seher Aydar, leiaren i Raud Ungdom, og åtvara mot konsekvensane av skjønnheitstyranniet unge jenter møter. Ho meinte det er knytt store forventningar om å både vera pen og flink, men helst ikkje for pen heller. Jenter kvir seg for å setja grenser, og for å stikke seg fram og delta i politikk. Dermed utgjer det eit demokratisk problem.  

– Du må tørre å høyre at du eigentleg burde halde kjeft, om du er kvinne og driv med politikk i Noreg, hevda Aydar.  

Bordell med vakter
Andreas Halse, leiaren i Sosialistisk ungdom (SU), trekte fram seksualundervisninga i skulen.

– Mange unge lærer i dag om sex gjennom porno. Organisasjonar som jobbar med seksualopplysning, til dømes Sex og politikk, må få meir pengar til å reise rundt. Og eg er svært glad for at det er eit forbod mot å kjøpe ein kvinnekropp. Sexkjøplova er noko av det første som vil ryke med ei Høgre – Frp-regjering, hevda han.  

Leiaren i Framstegspartiets ungdom(FpU), Himanshu Gulati, kunne langt på veg stadfeste dette.  

– Eg meiner vi ikkje kan forby alt vi ikkje likar. Lova fungerer ikkje slik det er tenkt. I staden for at prostitusjonen forsvinn, går heller verksemda under jorda. Eg meiner vi heller må leggje til rette for at det skjer i ordna og trygge former. Til dømes ved å ha bordell med vakter utanfor, foreslo han.

LES OGSÅ: – Utdatert sex-undervisning   

Kampsak i hamn
Debatten hjå LDO er ein del av stemmerettsveka, 11.-20.juni. Det er hundre år sidan kvinner fekk stemmerett, og debatten gjekk med utgangspunkt i to spørsmål:  

– Kva likestillingssak vil du at vi skal feire om 100 år?

– Kva vil du gjera for få det til?  

Fredag 14.juni vart lova om kjønnsnøytral verneplikt vedtake av Stortinget, ei sak særleg Senterungdomen har kjempa for i lang tid. Per Martin Sandtrøen, som stilte i debatten for ungdomspartiet, meinte det var viktig å sjå likestilling i eit så breitt perspektiv som mogleg.

– Slike felles arenaer er svært viktig. Vern om ei offentleg fellesskapsskule, er også ein del av likestillingskampen, meinte han.

LES OGSÅ: – Jublar for verneplikt for kvinner   

Elles var kvotering og regulering uunngåelege diskusjonstema.

— Eg mistenker ikkje Høgre og Frp for å vera mot likestilling. Eg berre konstaterer at dei er imot alle tiltak vi føreslår. Om hundre år ler vi vonleg av at vi i det heile hadde ein diskusjon om fedrar skulle vera heime med barna sine, understreka Eskil Pedersen.

 — Vi imot kvotering fordi det er skilnadshandsaming og dermed diskriminering, svara Gulati i FpU resolutt. Han oppmoda om å heller rette fokus mot tusenvis av innvandrarkvinner i Noreg som i dag lever ufrie liv.    

Leiaren i SU syntes dette var eit heller underleg utspel frå FpU.

—  Eg er samd i at det er ei utfordring at innvandrarkvinnene ikkje kjem ut i jobb. Men kvifor kuttar de da i tiltak som morsmålsundervisning, norskundervisning, og program som Jobbsjansen?  

LES OGSÅ: Likestilling skaper større ulikskapar

Far, kom heim!
Likestillingsomgrepet blir stadig utvida. Særlege utfordringar for menn, men også kampen for homofile, etniske minoritetar og funksjonshemma sine rettar har vorte inkludert. For å nemne noko.  

Sara Blichner, frå Grøn ungdom, oppmoda til ei ny mannsrørsle.  

– Vi ønskjer far velkomen heim! Det er viktig at vi ikkje har eit menneskesyn der kjønn kjem først, meinte ho.  

Paul Sandøy, leiaren i Unge Høgre, trekte fram tiltak mot homo-diskriminering. Den viktigaste medisinen mot homohets i skulegarden er lærarar som veit korleis dei skal forhalde seg til det, meinte han.  

FpU-leiaren fekk elles peike på ein positiv trend.  

– Panelet her viser iallfall at ein korkje treng vera kvit, heterofile eller mann for å ha makt i Noreg i dag, understreka han.  

Regjeringa skal leggje fram ei stortingsmelding om likestilling før sommaren. Det er også muleg å stille ungdomspolitikarane på spørsmål om temaet på Twitter via #UngLikestilling

LES MEIR OM LIKESTILLING!