Førebur seg til timane med Youtube

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Alex Strømme, biolog og dosent ved NTNU, som fann ut at han ville prøve den noko utradisjonelle læremetoden. Tanken var at studentane kan sjå videoane hans på mobilen via Youtube. Dette skriv utdanningsnytt.no.

– Godt budde studentar gjer at også mi undervisning vert betre, konstaterer Strømme, til Gemini.no.

Han starta med ei forsøksordning for eit par år sidan, og fekk gode tilbakemeldingar. Studentane vart betre budd til undervisninga.

Alex Strømme har sidan den gong eksperimentert med korleis ein kan gjere videoproduksjonane enklast mogleg, slik at lærarane sjølv kan lage dei, utan avansert utstyr.

– Fordelen er at me får løfta lista for bakgrunnskunnskap, så me får eit jamnare nivå, seier Strømme.