Berre kring halvparten av ungdom bruker stemmeretten sin i stortingsval. – Slapt, seier Eva Merethe Bjunes, Lina Bjørheim Salte og Ingrid Garborg Østrem.

mm
Faktaboks

• 11. juni 1913 vedtok Stortinget å gi stemmerett til alle kvinner. Dermed kunne for første gong alle over 25 år stemme i Noreg.
• Fram til 1985 har flest menn nytta seg av stemmeretten, men frå 1989 har det vore litt fleire kvinner som nytta seg av stemmeretten. Sjå meir her!

Les fleire intervju med førstegongsveljarar!

Les fleire artiklar om stemmeretten!

LES FAKTALUKK FAKTA

 

– Eg vil bruka stemmeretten fordi det er ein rett eg har fått som medlem av demokratiet vårt, seier Lina Bjørheim Salte.

– Det handlar om å vera på å forma framtida vår, seier Eva Merethe Bjunes. Begge går i 2. klasse ved Bryne vidaregåande skule og planar om å bruka stemmeretten sin i haust. Dei fleste i andre sosiologi- og sosialantropologiklassen deira seier òg dei har tenkt til å stemma.

– Men eg veit mange som ikkje vil bruka tida si på det, seier Eva Merethe.

– Slapt, seier Lina.

KOMMENTAR:Takk for at de har gjeve oss ei stemme!

– Fekk streng beskjed
– Me lærer for lite om kvifor me bør bruka stemmeretten på skulen. Fleire må få inn at det er viktig å stemma, seier Ingrid Garborg Østrem. Ho meiner likevel det var tamt at færre jenter enn gutar brukte stemmeretten sin ved sist stortingsval. I aldersgruppa mellom 18 og 21 år var det 51,2 prosent av jentene og 62,6 prosent av gutane som stemte, ifølgje Valundersøkinga.

– Då eg konfirmerte meg borgarleg fekk me streng beskjed om å bruka stemmeretten då fekk den, legg ho til.

Les fleire saker om stemmeretten her!

– Bør snakka meir på skulen
– Det burde vera snakka meir på skulen om valet og forskjellane mellom dei politiske partia. Kanskje me kunne ha ein ekstratime av og til. Eller kanskje det kunne vera valfag, seier Ingrid Garborg Østrem.

Fleire av elevane meiner det burde vera fleire debattar. Både Ida Sund og Ragnhild Sele seier dei følgjer med på debattar på tv. Lina Bjørheim Salte gjer det òg av og til, men seier ho ikkje alltid får så mykje ut av dei.

Ingen av dei er me snakkar med er medlemmar av politiske parti.

– Eg har ikkje funne parti som står for det eg meiner, seier Lina.

Ho trur ho veit kva ho skal stemma på ved hausten.

Men kva parti dei skal stemma på, er dei fleste ikkje sikre på.

Eva Merethe Bjunes er blant dei som ikkje kva ho skal stemma enno. Ho vil bruka tida fram til valet på å setja seg inn i det.

SKRIVEKONKURRANSE: Skriv om kvifor stemmeretten bør brukast!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44
ANNONSE