– Likestilling skaper større ulikskapar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Auka likestilling mellom menn og kvinner har hatt ein uventa og utilsikta konsekvens: Ulikskapen i inntektene til danskane har vakse dei siste 30 åra, skriv Politikenmåndag.

Utviklinga kjem fram i ein fersk internasjonal studie, og han kjem overraskande på forskarane.

– Likestillinga har hatt den høgst uventa verknaden at han har fått ulikskapen til å auka. Det er første gongen vi har blitt merksame på dette, seier professor Niels Westgård-Nielsen frå Copenhagen Business School, som står bak den danske delen av undersøkingar.

Forklaringa skal i første omgang vera at kvinner i kraft av lengre utdanning etter kvart også har teke til å få godt betalte jobbar. Tidlegare var lønningane til kvinner meir like.

Høgare utdanningsnivå får også ein annan effekt på ulikskapen, nemleg nye familiemønster. Tidlegare fann høgtlønte menn oftast saman med kvinner med låg inntekt. Men sidan byrjinga av 1990-talet har høgtlønte menn oftare og oftare byrja å danna par med høgtlønte kvinner, viser den nye studien.

Det betyr at ulikskapen stig mellom husstandane. Høgtlønte bur i større grad saman med andre med god inntekt, og folk med låg inntekt bur med andre lågtlønte. (©NPK)