Åtvarar mot å eta oppdrettslaks

Kvinner, barn og ungdom bør unngå å eta oppdrettslaks, meiner både fleire norske legar og internasjonale ekspertar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årsaka er at laksefôret inneheld skadelege miljøgifter.

– Eg rår ikkje gravide, barn eller unge til å eta oppdrettslaks. Det er for usikkert både kor mykje giftstoff laksen inneheld, og korleis desse stoffa påverkar barn, unge og gravide, seier spesiallege Anne-Lise Bjørke Monsen ved klinisk institutt på Haukeland universitetssjukehus til VG.

Ho peikar på at den typen miljøgifter som er påvist i oppdrettslaks, har ein negativ effekt på utviklinga av hjernen og er assosiert med autisme, AD/HD og redusert IQ.

Ei større europeisk undersøking som omfatta rundt 8.000 nyfødde, viser at gravide med høge nivå av miljøgifter i kroppen får barn med lågare fødselsvekt, noko som kan slå uheldig ut på helsa til barnet.

Bjørke Monsen får også støtte frå kollegaen sin Bjørn Bolann, overlege og professor i medisin.

LES OGSÅ: Spår eksplosiv oppdrettsvekst

– Miljøgifter er det over alt. Vi får det i oss anten vi vil det eller ikkje. Men det er om å gjera å eta minst mogleg av det, seier Bolann, og spør seg kvifor vi er nøydde til å produsera laks med giftstoff.

Oppdrettsbransjen sjølv stiller seg noko avventande til uroa frå legane.

– Vi må ta slike opplysningar til etterretning. På dei konklusjonane styresmaktene har gjort, med basis i den kunnskapen som ligg føre, så er det sunt for alle å eta oppdrettslaks, seier direktør for helse og kvalitet i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening, Henrik Stenwig, til VG. (©NPK)

LES OGSÅ: Så viktig er fisken for Noreg