Danskane skal lære engelsk frå fyrste klasse

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eigentleg ville dei borgarlege partia i Danmark innføre karakterar allereie frå 4. klasse. Dette fekk dei ikkje igjennom, noko som vil seie at det framleis vert karaktervurdering frå 8. klasse, som i Noreg.

Her heime går partiet Høgre inn for å byrje med karakterar allereie frå femte klasse.

Norden har tradisjon for god engelskopplæring. Her heime startar elevane med små dosar engelsk i fyrste klasse, men det er fyrst i andre klasse faget for alvor byrjar. Faget vart obligatorisk i norsk skule på 60-talet, men då lærte i sjette klasse.

Nytt i Danmark er òg at alle skular skal tilby ein frivillig leksekafe, for å hjelpe dei elevane, som ikkje får god leksehjelp heime.

– Avtalen inneheld ei rekkje element, som gjev skulen eit markant fagleg løft, og skuledagen vil verte meir utfordrande for alle elevar, seier den danske barne- og undervisningsministeren Christine Antorini (Socialdemokraterne) til Politiken.dk.

I tillegg til frivillig leksekafe vil skuledagane verte lenger for dei danske elevane. Dei minste har 30 timer i veka, dei mellomste 33 timar, medan dei eldste har heile 35 timar på skulebanken. Då manglar det berre 4,5 timar på ei full norsk arbeidsveke.