Speler norsk musikk på nattestid

Radio Norge speler nok norsk musikk, men Medietilsynet er kritiske til at fleirparten av dei norske artistane får speletid etter sengetid.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gøymer vekk norsk musikk

– Det er uheldig at dei kommersielle radiokanalane oppfyller konsesjonen sin om natta, seier Christian Wadahl Uhlen, konstituert leiar i artistorganisasjonen Gramart.

Uhlen meiner at å promotere norsk musikk i god sendetid vil bidra til eit levande norsk musikkmiljø, som igjen vil gagne radiostasjonane. Han etterlyser meir stoltheit over den norske musikken, slik at myndigheitene slepp å overvake norskdelen.

– Dei kommersielle radiokanalane tek gjerne minste motstands veg, og spelar Eric Clapton med Tears in heaven, som ikkje bidreg med noko nytt. Her er det viktig å tenkje på at dei er med på å forme morgondagens lyttarar, meiner Uhlen.

LES OGSÅ: Musikken du likar drep kreativiteten

Variert norsk
«Variert musikk frå dei siste fire tiår.» Slik lydar slagordet til Radio Norge. Musikken er variert, men er du mest interessert i norsk musikk bør du ha radioen på om natta. Nærare 70 prosent av den norske musikken kanalen sender vert sendt på nattarbeidarane sitt skift.

Radiokanalen sender 35 prosent norsk musikk, og oppfyller med det akkurat kravet. Programma Bare norsk og Norske visesanger er via heilt til musikk frå Noreg.

Kanalsjef i Radio Norge Kristoffer Vangen er ueinig i kritikken om dårleg prioritering av norsk musikk.

– Det er feil at me gøymer vekk norsk musikk på natta, seier Vangen.

Han forklarar at norsk musikk ikkje kan få ei særskilt redaksjonell behandling, utover det overordna kravet på 35 prosent.

– Sidan me fyller kravet kan eg ikkje seie at me vil gjere nokre endringar, seier Vangen.

LES OGSÅ: – Folk må utsettast for ny musikk

To tilsynssaker
Onsdag kom Medietilsynet sin årlege rapport om allmennkringkastarane her til lands. NRK, TV2, P4 og Radio Norge er dei mediebedriftene som går under tittelen allmennkringkastarar. Tilsynet ser på om mediebedriftene oppfyller krava om nok bruk av samisk og nynorsk, samt at dei har ei variert sendeflate med nyheitsdekning og debatt.

Kanalsjef i Radio Norge vil ikkje kommentere dei to andre tilsynssakene, som vart reist mot dei av Medietilsynet. Trass i dette er direktøren for Medietilsynet, Thom Thoresen, nøgd med måten allmennkringkastarane har utført sine oppgåver på.

Med digitaliseringa av radioen, som skal vere ferdig i 2017, vil det verte stilt mindre krav til Radio Norge og P4. Allereie frå 2014 vil vilkåra for desse kommersielle kanalane trappast ned.

LES OGSÅ: – Døve har like mykje glede av musikk