NHO vil at fleire studentar skal få tilbod om studentbedrift. Denne veka er dei vertskap for NM for studentbedrifter.

NM for studenbedrifter vert arrangert 5. – 6. juni av Ungt Entrepenørskap. Her skal 23 bedrifter frå heile landet knive om å verte ”Noregs beste Studentbedrift 2013”. Vinnaren får presentere Noreg på europameisterskapet i studentbedrifter i Belgia seinare i sumar.  

Pizzaskjerebrettet Tressbrett, eit trådlaust dødmannsknappsystem for fritidsbåtar og nettportalen C-videos.com, som skal gje studentar og bedrifter høve til å profilere seg mot kvarandre, er nokre av forretningsideane studentane skal presentere.  

Verdifull erfaring
NHO-direktør Kristin Skogen Lund opnar konkurransen, saman med kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Ho meiner fleire studentar bør få tilbod om studentbedrift, og at det vil gagne både studentane, utdanningsinstitusjonane og næringslivet.  

– Eg vil oppmuntre leiinga ved utdanningsinstitusjonane til å setje Studentbedrift på timeplanen, slik at fleire studentar får med seg denne verdifulle erfaringa før dei skal ut som arbeidstakarar eller arbeidsgjevarar, seier ho.

LES OGSÅ: Meir til entreprenørskap i skulen

Ut av boka
Studentbedrift er Ung Entreprenørskaps bedriftsprogrammet for høgare utdanning. Studentane samarbeider om å starte, drive og avvikle si eige bedrift, med personar frå næringslivet og fagpersonar ved utdanningsinstitusjonane som rettleiarar.

– Eg liker å kalle Studentbedrift ei ut-av-boka-oppleving. Det betyr ikkje at praksis er viktigare enn teori, men at teori omsett i praksis gjev læring som verkeleg set spor hjå studentane. Gjennom samhandling med næringslivet får dei erfaringar, nettverk og kompetanse det ikkje går an å lese seg til, seier administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Norge, Anne Kathrine Slungård, i ei pressemelding.    

Under NM konkurrerar studentbedriftene i åtte ulike kategoriar, og juryen består av personar frå arbeids- og næringsliv.

LES OGSÅ: Vann NM med song, dans og sprell 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE