Tospråklege er flinkare til å fokusere

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fokuserer betre med to språk

– Dette kjem til uttrykk i kvardagen gjennom at ein til dømes kan stengje ute andre samtalar eller born som lagar støy, seier Anna Soveri til den svenskspråklege finske avisa HBL.fi.

Soveri disputerer med desse resultata for sin doktorgrad i psykologi ved Åbo Akademi i Finland. Ho har funne at det å meistre fleire språk ikkje berre er nyttig når det kjem til å lære språk.

Finske Anna Soveri studerte svensk, før ho starta på psykologistudia. Ho meiner at ein i større grad bør nytte høve til å forske på tospråklegheit i Finland.

– Mange finnar er tospråklege og fleire giftar seg på tvers av språkgrensene, fortel Sovari.

LES ÒG:  – Smartare av nynorsk 

QUIZ: Er du god på svensk og dansk?

 

Mange tospråklege

Livslang trening i å veksle mellom ulike språk gjer det lettare å stengje ute informasjon. Resultata synte at folk som meistra to språk tidleg var dei flinkaste til å fokusere riktig.

Dei 80 testpersonane i forskingsprosjektet var finnar og finlandssvenskar. Anna Soveri forsikrar at forskinga ikkje betyr at finlandssvenskar er betre enn finnar, sjølv om desse var flinkare til å fokusere riktig.

– Det er det same kva språk det handlar om, det kan til dømes vere kombinasjonen fransk og tysk.

Svensk er morsmålet til over 290 000 finnar. Obligatorisk svenskundervisning i Finland er omdiskutert. For å kunne dra meir nytte av resultata skal Åbo Akademi til hausten undersøkje enda fleire finnar og finlandssvenskar.

 

LES ÒG: Drapstruga for å snakke svensk