Dei som vil køyra lyntog i Noreg, må venta i mange tiår. 

NPK-NTB
NPK-NTB

Lyntogutgreiinga til 80 millionar kroner blir no lagt bort, og regjeringa seier nei til lyntog. Det gjer også Høgre og Frp. Det er usikkert om det nokon gong blir noko av, skriv VG.

Før intercity-utbygginga på Austlandet er ferdig rundt 2030, er det ikkje snakk om å byggja skjenegang for snøggtog i Noreg.

LES OGSÅ: Kina vil byggja ut lyntog i Norden

– Vi må gjera det viktigaste først. Det er å laga eit godt togtilbod rundt dei store byane Oslo, Bergen og Trondheim, seier samferdselsminister Marit Arnstad (Sp) til VG.

Arnstad meiner likevel ikkje at utgreiinga av lyntog er bortkasta:

– Vi fekk fram nokre viktige fakta, og utgreiinga ligg der og kan koma til nytte seinare. Difor har vi føreslege å byggja intercitystrekningane for 250 km/t der det er mogleg, for ikkje å stengja for lyntog i framtida, seier Marit Arnstad. (©NPK)

LES OGSÅ: – Lønsamt å driva lyntog

Kva synest du om at lyntogplanane blir lagt på is?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE